MGL1-7PE4 Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn

Emnekode: 
MGL1-7PE4
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE3 Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet og andre samarbeidspartnarar
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1.-7. Emnet er fjerde del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 10 studiepoeng pedagogikk og 5 studiepoeng religion, livssyn og etikk. 

Emnet omhandlar læraren og skulen si rolle i lys av det komplekse, demokratiske og pluralistiske samfunnet. Det vert lagt vekt på utvikling av analytiske ferdigheiter, kritisk tenking og sjølvstende i pedagogisk verksemd. Skulen sitt verdigrunnlag, moglegheiter og utfordringar knytt til realisering av gjeldande læreplan og styringsdokument vert behandla. Emnet går inn på skule og utdanning i historiske, kulturelle, etiske og politiske perspektiv og på sekularisering og religions- og livssynskritikk som kunnskapsområde. Det vert gjort ei fordjuping i temaa demokrati, danning og identitet i det pluralistiske samfunnet og samanhengar mellom læringsprosessar og deltaking i eit elevfellesskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap  om skulen sin funksjon og rolle i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralisert verd
  • inngåande læreplanforståing og kan drøfte utfordringar i realisering av gjeldande læreplan og øvrige styringsdokument
  • inngåande kunnskap om kritisk perspektiv på skulen sitt verdigrunnlag, utdanningspolitiske styringar og endringar
  • inngåande kunnskap om historiske og samtidige samanhengar mellom religion, kultur og samfunnsliv i Norge, inkludert sekularisering og religions- og livssynskritikk
  • inngåande kunnskap om norsk og samisk skulehistorie
  • kunnskap om utanforskap, diskriminering, rasisme og kritisk pedagogikk 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere og anvende styringsdokument og skulen sitt verdigrunnlag inn mot læraren sitt arbeid og læraridentitet
  • analysere og kritisk vurdere innhald i styringsdokument, offentleg diskurs/debatt og mediedekning knytt til kulturelt, språkleg og religiøst- og livssynsmessig mangfald
  • fremje dialog og gjensidig anerkjenning og respekt i læringsfellesskap prega kulturell og livssynsmessig mangfald
  • anvende forskingsbasert kunnskap for å forebygge og setje i verk tiltak som skal motverke utanforskap, diskriminering og rasisme
  • analysere og legge til rette for elevane si læring i eit mangfaldig fellesskap
Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere og kritisk analysere utfordringar skulen står overfor i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralistisk verd
  • kan nytte forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i utøving av lærarrolla
  • har kunnskap om og kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.

Studentane skal gjennomføre tre individuelle skriftlege arbeidskrav. Arbeidskrava skal saman med andre tema danne grunnlag for ein munnleg eksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde i sin kompetanse, både når det gjeld faginnhald, og formidling. For å også knytte munnlege ferdigheiter til tema som er behandla i skriftlege arbeidskrav skal studentane delta i seminar i samband med oppgåvene. Studentane får også ei aktiv rolle i arbeid med studentrespons på skriftlege arbeidskrav.

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6
  2. Tre skriftlege oppgåver (arbeidskrav).
  3. Aktiv deltaking i alle seminar knytt til dei skriftlege oppgåvene.
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Siv Therese Måseidvåg Gamlem
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust