MGL1-7MA1B2 Matematikk 1B: Begynneropplæring, geometri og algebraisk tenking

Emnekode: 
MGL1-7MA1B2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet er andre del av matematikk 1, den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget, med særleg fokus på begynnaropplæring.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og matematikkfaglege tema vil vere talforståing, geometri, funksjonsomgrepet og algebraisk tenking. Det blir lagt vekt på korleis ein i begynnaropplæringa kan legge grunnlaget for vidare læring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om begynnaropplæring i matematikk med vekt på at elevane skal utvikle rike omgrepsinnhald og ei funksjonell talforståing 
  • har kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar i tema som geometri, funksjonar og algebraisk tenking
  • har kunnskap om algoritmisk tenking og programmering
  • har kunnskap om representasjonsformer, interaksjonsmønster, kommunikasjon og språkets rolle for læring av matematikk og om ulike syn på læring av matematikk
  • har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel, læreverk, programmeringsverktøy, dynamisk geometriprogram, grafteiknar og andre digitale verktøy
  • har kunnskap om å førebygge og oppdage matematikkvanskar og å legge til rette for meistring hos elevar
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og barnetrinnet, og overgangen frå barnehage til skule.
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis 
  • kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking
  • kan bruke digitale verktøy i eiga undervisning og i eige studium.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og klasseromsdiskusjonar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav:

  • To didaktiske fagtekstar. Omfanget på kvar tekst skal vere omlag 1000 ord og grunnleggjande normer for akademisk skriving skal følgjast.
  • Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema. 

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Frode Opsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 67 %
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter33 %Nasjonal deleksamen
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 67 %
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:33 %
Kommentar:Nasjonal deleksamen
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust