MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Emnekode: 
MGL1-7PE1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.   

Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 1.-7. trinn, med særleg vekt på begynnaropplæringa. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • ​læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for skulestartarar og elevar på mellomtrinnet
  • sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid
  • teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet 
  • observasjon som metode
  • lærarprofesjonen, kontaktlærarrolla og lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet
  • etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
  • dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på småskule- og mellomtrinnet
  • sentrale styringsdokument i skulen
  • observasjon som metode
Ferdigheiter

Studenten kan  

  • ​planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk  
  • engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar  
  • forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar
  • diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val  
  • planlegge og gjennomføre systematisk observasjon  
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Generell kompetanse

Studenten kan  

  • på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i samspel og kommunikasjon med eleven
  • innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege og skriftlege uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar.

Studentane skal gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva læraren sitt arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget. 

Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er grunnleggande for profesjonell utøving av læraryrket. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve på 2000 ord, bygd på observasjon av læraren sitt arbeid 
  • Ein individuell, teoretisk refleksjonstekst på 1200 ord
  • Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen 
  • Aktiv deltaking i seminara knytt til dei munnlege arbeidskrava 
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

 

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Reidunn Johanne Tvergrov Øye
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust