MGL1-7KH1B Kunst og handverk 1B

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MGL1-7KH1B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Kunst og handverk 1 gir opplæring innan områda kunst, design og arkitektur. Dei to emna skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7.  I dette emne skal studenten tileigne seg varierte arbeidsmetodar og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til todimensjonale og digitale flater. Begynnaropplæring i kunst og handverk står sentralt.

Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på estetiske læringsprosessar og kreativitet. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om undervisningsplanlegging i kunst- og handverksfaget, 1.-7. trinn, særleg knytt til todimensjonale- og digitale flater
  • har kunnskap om materialar, teknikkar og reiskapar som er relevante for arbeid med todimensjonale og digitale flater
  • har kunnskap om korleis nasjonal kunst- og formkultur kan verte tolka og brukt som utgangspunkt for barn sitt skapande arbeid
  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar og kreativitet
  • har kunnskap om barn si læring i arbeid med to- og tredimensjonale materialar
  • har kunnskap om korleis ulike digitale mediar kan bli brukt til faglege føremål, og formidling
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
  • har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjonen ved eit biletuttrykk. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje kunst- og handverksundervisning på ulike trinn i 1.-7. klasse, og grunngi faglege val
  • kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosessar
  • kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
  • kan nytte materialar, reiskapar og teknikkar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
  • kan nytte og vurdere 2d-digital teknologi, læremiddel og læringsressursar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
  • kan nytte teikning både som språkform og verktøy i skissearbeid og konseptutvikling
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid, og på andre måtar synliggjere faget på ulike arenaer
  • kan nytte visuelle verkemiddel, og gjennom dette påverke kommunikasjonen etter bestemte intensjonar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
  • kan gjere greie for korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan generere tverrfaglege arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
  • kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid med ei systematisk og forskingsmessig tilnærming, og kjenne normer for ansvarleg bruk av innsamla informasjon.
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i digitale omgivnader, aleine og i samarbeid med andre, med utgangspunkt i styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan forstå korleis den digitale utviklinga utvidar og endrar faget sine vurderingsformer og arbeidsmetodar
  • kan bidra til at lærarstudenten utviklar digital dømmekraft og medvit. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verkty som studenten skal meistre.

Mindre ekskursjonar kan bli lagde til område utanfor høgskulen, og studentane må sjølve dekkje reiseutgifter og inngangsbillettar. Studentar som ikkje har høve til å vere med på desse, må få godkjent alternative opplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Arbeidskrav IB (haust) Praktiske oppgåver innan det faglege arbeidsområde design og visuell kommunikasjon. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.  
  • Arbeidskrav IIB (vår) Praktiske oppgåver innan det faglege arbeidsområde kunst/todimensjonale flater. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.  
Sensorordning
Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Janne Heggvoll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterEndeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med utvalde praktiske oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde ein fagdidaktisk refleksjon (1500 ord). Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava (I og IIB).
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med utvalde praktiske oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde ein fagdidaktisk refleksjon (1500 ord). Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava (I og IIB).
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Aud Folkestad