MGL1-7KH1A Kunst og handverk 1A

Emnekode: 
MGL1-7KH1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Arts and crafts 1A
Emnenavn på bokmål: 
Kunst og håndverk 1A
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Kunst og handverk 1 gir opplæring innan områda handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing. Dei to emna skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7. I dette emne, 1A, skal studenten tileigne seg varierte arbeidsmetodar, og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til tre, tekstil og leire. Begynnaropplæring i Kunst og handverk står sentralt

Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på undervisningsplanlegging og vurdering. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om undervisningsplanlegging og tilpassa opplæring i kunst- og handverksfaget, trinn 1-7
  • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulen sitt kunst- og handverksfag
  • har kunnskap om relevante materialar, teknikkar og verkty, analoge og digitale, som særleg høyrer til arbeid med tredimensjonale former
  • har kunnskap om korleis lokal kunst- og formkultur kan verte tolka og brukt som utgangspunkt for barn sitt skapande arbeid
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
  • har kunnskap om korleis ein kan vurdere form og funksjon på tredimensjonale former
  • har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjon og funksjon ved eit tredimensjonalt arbeid 
  • har kunnskap om korleis ulike digitale medie kan bli brukt til faglege føremål, og formidling
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging på ein måte som tek omsyn til tilpassa opplæring
  • kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosessar, særleg knytt til arbeid med tredimensjonale former
  • kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette kunne stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
  • kan bruke og vedlikehalde reiskap, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
  • kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer, digitale og analoge
  • kan nytte ulike estetiske virkemiddel i arbeid med form og funksjon
  • kan nytte og vurdere digital teknologi, læremiddel og læringsressursar for å nå KOH sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
  • kan gjere greie for korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan generere tverrfaglige arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
  • kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for faglig utviklingsarbeid med ei systematisk og forskingsmessig tilnærming, og kjenne normer for ansvarleg bruk av innsamla informasjon
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i digitale omgjevnader, åleine og i samarbeid med andre
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktiske arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verktøy som studenten skal meistre. 

Undervisninga kan bli lagt til område utanfor campus. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  • Arbeidskrav IA (haust) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane ein fagdidaktisk refleksjon knytt til dei praktiske oppgåvene.  
  • Arbeidskrav IA (vår) Praktiske oppgåver. I tillegg leverer studentane ein prosessrapport knytt til ei av oppgåvene. Prosessrapporten skal også innehalde ein fagdidaktisk refleksjon.   
Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Rita Slotterøy
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei praktisk mappe med oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde både praktiske produkt og tilhøyrande prosessdokumentasjonar. Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava.
Heimeeksamen
Individuell
8 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Digital eksamen.
Ein skriftleg heimeeksamen på 8 timar innan fagdidaktisk teori.
Godkjent av: 
Unni Hagen