HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar

Emnekode: 
HFSOS101
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Health studies for Social workers
Emnenavn på bokmål: 
Helsefag for sosialarbeidere
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande helsefaglege tema som blant anna sjukdomslære, funksjonssvikt, observasjon, omsorg og pleie, i tillegg til grunnleggande farmakologi og forsvarleg legemiddelhandtering. Studentane skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.

Emnet består av sju tema:

Del A:  Medisin­faglege emne (utgjer til saman 2/3 av emnet):

  1. Anatomi/fysiologi
  2. Sjukdomslære/funksjonssvikt
  3. Farmakologi/legemiddelhandtering
  4. Førebyggande helsearbeid

Del B: Helse og omsorg (utgjer til saman 1/3 av emnet):

  1. Grunnleggande omsorg/pleie
  2. Sentrale lover og organisering
  3. Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

A-1: har kjennskap til menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon

A-2: har kjennskap til behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt

A-3: har innsikt i grunnleggande farmakologi og medikamentell behandling

A-4: har forståing for betydninga av førebyggande og helsefremmande tiltak

B-1: kan vurdere brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie

B-2: gjere greie for korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid

B-3: kan reflektere over korleis ulike perspektiv og profesjonar kan utfylle kvarandre i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Ferdigheiter

Studenten:

A-1: kan kjenne igjen menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet

A-2: kan observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt

A-3: kan enkel legemiddelrekning og dele ut legemiddel på forsvarleg måte

A-4: kan planlegge, legge til rette for og rettleie i helsevenlege val

B-1: kan rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov for pleie og omsorg

B-2: kan handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter

B-3: kan initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid 

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten:

A-1: kunne reflektere over korleis helsefagleg kunnskap kan påvirke sosialfagleg arbeid

A-2: kunne identifisere helseutfordringar og samhandle med brukar, pårørande i sårbare situasjonar. Kunne gi informasjon og opplæring tilpassa den einskilde

A-3: kunne vurdere og dokumentere eiga handtering av legemiddel på ein forsvarleg måte

A-4: vere bevisst førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå

B-1: ha styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte

B-2: kunne legge til rette for autonomi og brukermedverknad

B-3: kunne vurdere eigen kompetanse og forsvarligheit i det tverrprofesjonelle samarbeidet

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Samlingsbasert og nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar á tre dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). 
  • Studentane jobbar nettbasert mellom samlingane.
  • Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Det er fem obligatoriske arbeidskrav: 

  1. Gruppearbeid
  2. Skriftleg innlevering i samband med praksis
  3. Test i legemiddelhandtering
  4. Individuelt skriftleg arbeid
  5. Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.

Det er obligatorisk frammøte på samlingane og praksis (dvs. krav om 80 prosent frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Ellen Andenes
Studieavgift

Studieavgift kr 10.000,- (kr. 5.000,- pr. semester).

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
4000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem, 23.02.2023