NO2A-17KFK Norsk 2A for 1.-7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NO2A-17KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I norsk 2A skal studentane få brei kunnskap om og innsikt i korleis elevar på  1.–7.-steget utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit. Studentane skal få rom til å utvikle seg som profesjonelle norsklærarar med brei innsikt i lese- og skrivestrategiar og tilpassa lese- og skriveopplæring. Dei skal kunne reflektere over ulike tilnærmingar til skriveopplæring, samt vurdere og gi læringsstøttande tilbakemeldingar til elevane. Vidare skal studentane arbeide med tekstar i ulike sjangrar og frå ulike perspektiv i ulike medium, og dei skal kjenne til og kunne nytte aldersstegstilpassa litteratur. Studentane skal også kunne bidra til at elevane blir trygge og aktive språkbrukarar.

Norsk2A-KFK er del av vidareutdanningstilbodet til Utdanningsdirektoratet. Meir informasjon om søknad og fristar ligg her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/larere/

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om norskfaget som danning- og reiskapsspråk
  • har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har brei kunnskap om skriving og læringsfremmande vurdering, samt bruk nasjonale prøver 
  • har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan kjenne til dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i grunnskulefagets historie og i sentrale fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Norsk 2A er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. Det er to samlingar i semesteret, der kvar samling går over to heile dagar. Mellom samlingane er det forventa at studentane arbeider sjølvstendig og i grupper. 

Nettforelesing, nettleksjonar, innlevering av arbeidkrav og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Canvas og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

Studenten er sjølv ansvarleg for å sikre seg tilgang til Canvas (helst laste ned appen), då all praktisk informasjon blit gitt der. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein digital ressurs og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
  2. 3 skriftlege arbeidskrav på 1000 ord (+/- 10 %). Begge målformene skal vere representerrte i dei tre tekstane. Tekstane skal vere kopla til relevante erfaringar frå eigen arbeidsplass. Vurderingsforma er tufta på målet om at studentane skal kunne utvikle eit forskarblikk gjennom arbeidet i praksis, samtidig som dei skal kunne drøfte funn opp i mot relevant faglitteratur.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.

Begge målformer skal vere representerte. Ein av tekstane skal vere knytt til arbeidet med det didaktiske opplegget. Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava og frist for levering i semesterplanen. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
NOR2-17KFK
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell 1vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakterHjelpemiddel: alle
Eksamen går over ei veke og er knytt opp mot sentrale emne i kurset, samtidig som formelle krav til akademisk tekst og referansebruk blir vurdert. Eksamensteksten skal vere på 2000 ord (+/- 10 %).
Målform: nynorsk
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Hjelpemiddel: alle
Omfang:Eksamen går over ei veke og er knytt opp mot sentrale emne i kurset, samtidig som formelle krav til akademisk tekst og referansebruk blir vurdert. Eksamensteksten skal vere på 2000 ord (+/- 10 %).
Målform: nynorsk
Godkjent av: 
Arne Myklebust