MAT110-KFK Grunnleggande tallære, algebra og didaktikk

Emnekode: 
MAT110-KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Matematikk 1 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet er første del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 1 (5–10), og er reservert for lærarar som er tekne opp gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet. Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt:

  • tal og talforståing; til dømes talsystem i ulike kulturar, posisjonssystem, rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling
  • algebra; til dømes overgangen frå aritmetikk til algebra, algebra og likningar
  • læringsteoriar i matematikk
  • arbeidsmåtar og metodar i klasserommet
  • grunnleggjande ferdigheiter i matematikk.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing og rekning, overgangen frå aritmetikk til algebra
  • har kunnskap i algebra og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på mellomsteget
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt inn i Canvas, og Adobe Connect vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga på samlingane og eventuell møter på nettet. Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-1000 ord. Ei av oppgåvene vil innebere kunnskapsdeling i eige kollegium. Ei av oppgåvene vil innebere utprøving i eige klasserom.
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.

Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Arve Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 1 for 1.-7. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Matematikk 1 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Kalkulator og to handskrivne A4-sider med eigne notat.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:Kalkulator og to handskrivne A4-sider med eigne notat.
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust