MKH101BS Mat, kosthald og helse 1 (1-7), mat i eit helseperspektiv

Emnekode: 
MKH101BS
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Rapporteringsprogram: 
Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Mat, kosthald og helse består av emne MKH 101 Mat i eit helseperspektiv og emne MKH 102 Mat i eit læringsperspektiv. Faget mat, kosthald og helse er eit etter- og vidareutdanningstilbod som skal førebu studentane til å undervise i faget mat og helse i grunnskulen. Gjennom studiet skal studentane utvikle kompetanse innanfor helsefremjande kosthald, berekraftige matvanar og forbruk, og mat som identitets- og kulturuttrykk.

Emnet MKH 101 Mat i eit helseperspektiv utgjer 15 studiepoeng. Studentane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som fokuserer på mat og måltid sin forebyggande og helsefremjande dimensjon, som vidare skal gjere barn og unge i stand til å lage mat og å foreta gode kosthaldsval.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • ha kunnskap om hovudpunkt i faget si historie og kunne bruke innhaldet i dei mest sentrale styringsdokumenta som regulerer læringsarbeidet i mat og helse i grunnskulen
  • kjenne til sentrale trekk ved utviklinga i norsk kosthald og ernæringspolitikk
  • ha kunnskap om ulike matvaregrupper, handtering av mat og omgrepet trygg mat
  • kjenne dei nasjonale kostråda og forklare grunnleggande ernæring og spesialkost
  • ha kunnskap om dei viktigaste kosthaldsutfordringane og livsstilsjukdomane
  • kunne legge til rette for helsefremjande kosthald i skulen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
  • anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
  • planlegge mat og måltid som tek omsyn til ulike kostbehov
  • lage mat ute og bruke naturen og lokalmiljøet som ressurs
  • berekne næringsinnhald i mat og vurdere maten sin ernæringsmessige kvalitet med hjelp av digitale verktøy i undervisninga
  • kritisk vurdere kosthaldsinformasjon og forskingsbasert kunnskap med relevans for faget mat og helse
  • leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • drøfte omgrepet matdanning
  • sette faget mat og helse inn i eit samfunnsmessig perspektiv og forstå korleis faget kan bidra til folkehelse, livsmeistring og å utjamne sosiale skilnadar i helse
  • konkretiserte og integrere mål i læreplanen i tverrfaglege tema
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Studentane skal gjennomføre fire individuelle oppgåver og ei gruppeoppgåve:

  • Skriftleg vekeplan med sunn og berekraftig middag og handleliste.
  • Digital forteljing om matvarekunnskap
  • Presentasjon om vitamin og mineralstoff
  • Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og på semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Materialavgift

Kr. 1 000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: