REL112 Religion og livssyn

Emnekode: 
REL112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i religion og livssyn
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet skal gje god kunnskap om ulike religionar, filosofi og ikkje-religiøse livssyn og moderne religiøse rørsler både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv.

Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:

Del 1: Religionar
Delemnet er konsentrert om religionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet tek føre seg truslæra i religionane, men omfattar også sentrale heilage tekstar og korleis menneske utøver og lever med religion.

Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om ikkje-religiøse livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.

Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv der samtida sitt levande forhold til historia blir vektlagt. Delemnet vil også samanlikne filosofane og religionane sine tilnærmingar til røyndomen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten

  • ha kunnskap om dei ulike religionane og livssyna i historisk og samanliknande perspektiv

  • ha kunnskap om religionane sine heilage skrifter

  • ha kunnskap om dei sentrale elementa i truslæra til dei ulike religionane og hovudtankane i dei ikkje-religiøse livssyna

  • ha kunnskap om korleis dei ulike religionane og dei ikkje-religiøse livssyna blir praktiserte i dag, og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet

  • ha kunnskap om nyreligiøse retningar i Noreg

  • ha kunnskap om eit utval av eldre og nyare filosofar

  • ha kunnskap om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne analysere kritisk både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvde på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten

  • kunne drøfte religions- og livssynsdialogen i Noreg

  • kunne analysere og tolke tekstar frå ulike tradisjonar

  • kunne formidle kunnskapane sine skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Emnet skal utvikle evna til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn.

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er obligatorisk og skjer gjennom førelesingar og seminar og er organisert i samsvar med dei tre delemna religionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk. Studentane vil få eit kurs i oppgåveskriving og studieteknikk. I haustsemesteret i veke 40 tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 4000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha gjennomført følgjande arbeidskrav innanfor tidsfristar som vert opplyste om ved semesterstart:
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve
- ha fått godkjent tre faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Hildegunn Valen Kleive
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i religion og livssyn
Bachelorgradsstudium i historie
Bachelorgradsstudium i religion og språk
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Religion, livssyn og etikk, årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Digital eksamen.Ingen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang: