REL151N Religion og livssyn I

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
REL151N
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Dette emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag. 

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, media, kultur og i skuleverket. Saman med Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn 

  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 

  • om heilage skrifter i religionane 

  • om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn 

  • om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn 

Ferdigheiter
  • kunne analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn 

  • kunne formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg  

  • kunne finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 

  • kunne skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk 

Generell kompetanse
  • ha evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk  

  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 

  • ha grunnleggande digital kompetanse i faget 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar, testar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist. 

 

Minimumstal: 
50
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Bente Afset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium
Bachelorgradsstudium i historie, nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Heimeoppgåva skal ha mest vekt.Mappa skal ha to delar:
- Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/- 10%)
- Eitt av arbeidskrava (blir trekt på førehand).
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Heimeoppgåva skal ha mest vekt.
Hjelpemidler:
Omfang:Mappa skal ha to delar:
- Ei skriftleg heimeoppgåve på 2500 ord (+/- 10%)
- Eitt av arbeidskrava (blir trekt på førehand).
Godkjent av: 
Arne Myklebust