IPA106N Forvaltningsarbeid (nettstudium)

Emnekode: 
IPA106N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Forvaltningsarbeid
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Om emnet

Emnet gir ei kort innføring i : 

  • Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar. 
  • Styring, kontroll, omstilling. 
  • Brukarorientering. 
  • Styringsmåtar i offentleg forvaltning. 
  • Økonomistyring og personaladministrasjon. 
  • Offentlegrettslege emne (juridisk metode, forvaltningsrett og arbeidsrett)

Emnet kan takast som eit frittståande emne eller som ein valfri del av bachelorstudium. For folk som driv med sakshandsamararbeid, kan emnet gje eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. I kombinasjon med dei andre emna i bachelorstudiet er emnet med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten·skal ha kunnskap om

  • viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
  • viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
  • viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til forvaltninga· 
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vise evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til sentrale problemstillingar i forvaltninga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Nettleksjonar
  • Streaming av enkelte førelesingar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal ha gjort ei heimeoppgåve (inntil 5000 ord) med tema og problemstilling gjeve av faglærar. Det blir høve til innlevering av utkast som faglærar kommenterer og som studenten så kan bearbeide vidare før endeleg innlevering. Dette arbeidskravet må vere vurdert til ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Håkon Bø
Emnet inngår i følgande studieprogram
Forvaltningsarbeid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell10DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt mot slutten av semesteret og med frist på 10 dagar for levering. Denne skal skrivast utan rettleiing og skal synleggjere at kandidatane kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein fagleg god måte. Oppgåveteksten kan vere knytt til eitt eller fleire tema innanfor studieemnet.Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve, på maksimum 5000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:10
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt mot slutten av semesteret og med frist på 10 dagar for levering. Denne skal skrivast utan rettleiing og skal synleggjere at kandidatane kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein fagleg god måte. Oppgåveteksten kan vere knytt til eitt eller fleire tema innanfor studieemnet.
Hjelpemidler:
Omfang:Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve, på maksimum 5000 ord.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19