ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ENG213
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Pensum: 

Oppgåva må innehalde ei litteraturliste på 500 sider med relevant teori og sekundærlitteratur, som blir lagt opp i samråd med rettleiar. Denne kjem i tillegg til primærlitteraturen.

Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng engelsk, som må inkudere 60 stp på grunnivå:  ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 , og minst eitt fordjupingsemne i engelsk, til dømes ENG203 eller ENG206 (eller tilsvarande emne frå andre lærestadar etter søknad). Bacheloroppgåva må byggje på eit fordjupingsemne, men fordjupingsemnet kan eventuelt takast parallelt med bacheloroppgåva.

Om emnet

Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk. I tillegg må studenten levere ei litteraturliste på 500 sider med sekundærlitteratur og teori.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
  • Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
Ferdigheiter
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne relevant kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
  • Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskap og ferdigheiter med forholdsvis høg grad av sjølvstende, refleksjon og kritisk tenking.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan avtalt frist i byrjinga av semesteret.

Litteraturlista skal innhalde 500 sider relevant sekundærlitteratur og teori, og må godkjennast av rettleiar før kandidaten kan levere det skriftlege arbeidet. Oppgåva skal innehalde si eiga liste med referanser som inkluderer primærlitteraturen så vel som relevante element frå litteraturlista.

Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar.

Oppgåva med litteraturliste må leverast innan oppsett frist.

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Engelsk fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDet vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva.Om lag 7000 - 9000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell 1timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Det vert gitt ein førebels karakter på bacheloroppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 7000 - 9000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: