ENG211 Bacheloroppgåve - språk

Emnekode: 
ENG211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Minst 70 studiepoeng som består av grunnemne i engelsk (ENG141, ENG142, ENG143, ENG144, eller tilsvarande) + minst eitt fordjupingsemne på 10-15 stp i engelsk språk, til dømes ENG200 eller ENG201. Eng 211 kan eventuelt takast parallelt med fordjupingsemnet, men dette blir ikkje tilrådd.

Om emnet

Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • inngåande kunnskap om eit utvald språkleg emne.
  • grunnleggande kunnskap om teori og forskingsmetode relevant i høve til dette emnet

 

Ferdigheiter
  • evne til å utforske det utvalde emnet basert på ei problemstilling utarbeidd saman med rettleiar
  • evne til å finne naudsynt kjeldemateriale og sekundærlitteratur, og til å bearbeide, drøfte og presentere dette i ei lengre, skriftleg form.
Generell kompetanse
  • evne til å uttrykkje seg på akademisk engelsk
  • evne til å rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan oppsett frist i byrjinga av semesteret.
  • Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med oppnemnd rettleiar (alternativt nett/telefon-samtalar).
  • Før den andre rettleingssamtalen skal studenten levere ei oppgåveskisse på minimum 1500 ord + litteraturliste.
  • For å få godkjendt arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar.
Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Engelsk fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudentane vel tema i samråd med emneansvarleg og rettleiar. I tilknyting til oppgåva skal studenten i samarbeid med rettleiar/emneansvarleg legge opp eit pensum på om lag 450 sider relevant litteratur. Tekstar som studenten har nytta som pensum i andre emne kan ikkje nyttast på same måten igjen.
Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Oppgåva skal vere på 7- 9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna).
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Studentane vert eksaminerte i både pensumlitteratur og i bacheloroppgåva. Studenten si evne til å uttrykkje seg munnleg på engelsk vil telje med i vurderinga.
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studentane vel tema i samråd med emneansvarleg og rettleiar. I tilknyting til oppgåva skal studenten i samarbeid med rettleiar/emneansvarleg legge opp eit pensum på om lag 450 sider relevant litteratur. Tekstar som studenten har nytta som pensum i andre emne kan ikkje nyttast på same måten igjen.
Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Oppgåva skal vere på 7- 9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna).
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Studentane vert eksaminerte i både pensumlitteratur og i bacheloroppgåva. Studenten si evne til å uttrykkje seg munnleg på engelsk vil telje med i vurderinga.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust