ENG2B-510KFK Engelsk 2B for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ENG2B-510KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Om emnet

Emnet er andre del av Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
 
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til oppbygging og variasjonar i setningsstruktur, og korleis slike strukturar blir brukt til å uttrykkje meiningsnyansar

  • har kunnskap om lytting, tale, lesing og skriving som prosessar

  • har kunnskap om korleis munnleg og skriftleg språk kan integrerast i inspirerande og meiningsfulle aktivitetar

  • har kjennskap til gjeldande læreplan for skulen som ramme for faglig utviklingsarbeid

  • kjenner samfunnsutviklinga i heile den engelskspråklege verda frå romantikken fram til det tjuande hundreåret

  • kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå romantikken fram til det tjuande hundreåret til både personleg vekst og undervisningsbruk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

  • bruke kunnskap om det engelske grammatiske systemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane

  • gjere elevane medvitne om prosessar knytte til lytting, tale, lesing og skriving og korleis dei kan nytte desse strategisk i si eiga læring

  • bruke munnlege aktivitetar som utgangspunkt for skriftlege aktivitetar og omvendt

  • velje ut og legge til rette for arbeid med tekstar frå engelsktalande land for barn og ungdom på ein variert, utfordrande og inspirerande måte

  • vurdere eleven si måloppnåing med og utan karakter, og grunngi vurderingane

  • kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå romantikken fram til det tjuande hundreåret

  • nytte sin profesjonsfaglege digital kompetanse i eiga engelskundervisning

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda. Samlingane i Volda har obligatorisk oppmøte. 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Oppmøte til samlingane er obligatorisk

Arbeidskrav:

  • Språk (ordtal ikkje relevant)

  • Didaktikk 1500 ord

  • Kultur 1500 ord

  • Eitt av arbeidskrava vil involvere pedagogisk bruk av IKT. Eitt eller fleire vil innebere ein prosess med kunnskapsdeling innan studenten sitt kollegamiljø. To av arbeidskrava skal vere skriftlege, eitt skal vere munnleg, og eitt digitalt. Oppgåvene skal leverast til oppsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

  • I tillegg skal studenten gjennom semesteret føre ein logg der ho/han reflekterer over sin praksis i klasserommet med fokus på eiga didaktisk utvikling som lærar. Loggen bør førast minst ein gong i veka, ikkje mindre enn 50 ord per veke: sjå under eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Catherine McCann
Emnet inngår i følgande studieprogram
Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterMappa skal innehalde dei tre arbeidskrava, tre utvalde innlegg frå loggen, og ein refleksjonstekst på omlag 1500 ord Om lag 5500 ord +/- 10%
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava, tre utvalde innlegg frå loggen, og ein refleksjonstekst på omlag 1500 ord
Hjelpemidler:
Omfang: Om lag 5500 ord +/- 10%
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: