MAT117-AVG Geometri, funksjonslære, statistikk og sannsyn (5-10)

Emnekode: 
MAT117-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 5-10 i grunnskulen. Kombinasjonen av emna MAT110-AVG og MAT117-AVG tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. steget. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt:

  • statistikk; mellom anna ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
  • sannsyn/kombinatorikk; mellom anna sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar, kombinatorikk og ulike sannsynsfordelingar
  • geometri/måling; mellom anna grunnleggjande figurar, konstruksjon, kongruens og formlikskap, Pytagoras si setning, romfigurar, avbildingar og symmetri, perspektivteikning
  • funksjonar; mellom anna funksjonsomgrepet, lineære funksjonar, polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar og eksponentialfunksjonar
  • algebra; andregradslikningar
  • bruk av IKT i matematikk
  • vurdering.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

 Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg geometri og måling, algebra og funksjonar
  • har kunnskap om betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom stega i grunnskulen og ungdomssteg - vidaregåande skule
  • har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk
  • har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremiddel, både digitale og andre, og mogelegheiter og avgrensingar ved slike læremiddel
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elever på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar, og grunngi vurderingane
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for læring både for lavt- og høgtpresterande elevar.
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
  • har innsikt i kva matematikkfaget har å seie for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt inn i Canvas, og Adobe Connect vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga på samlingane og eventuelle møter på nettet. Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-1000 ord. Ei av oppgåvene vil vere knytt til pedagogisk bruk av digitale verkty.
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Arve Fiskerstrand
Studieavgift

Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Eksamen blir gjennomført i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Eksamen blir gjennomført i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust