PPY122 Yrkesdidaktikk 2

Emnekode: 
PPY122
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPY121 Yrkesdidaktikk 1
Om emnet

Praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag er samansett av 30 studiepoeng yrkesdidaktikk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis integrert i begge fagområda. Studiet skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med læringsutbytte formuleringar i Forskrift om rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 og Nasjonale retningsliner for PPUY. Studiet er delt i to emnegrupper:

  • Emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
  • Emnegruppe 2: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emnet yrkesdidaktikk 2 (PPY 122) er eitt av to emne i emnegruppe 2: Skulen i samfunnet, utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i yrkesdidaktikk. Dei andre 15 studiepoenga er knytt til emnet Pedagogikk (jf. eigen emneplan).

Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar. I emnet skal studentane m.a. gjennomføre ei tverrfagleg utviklingsoppgåve, som skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Kandidaten:

  • kan vurdere faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv, og har oppdatert kunnskap om samfunnets behov for kompetanse innanfor relevant utdanningsprogram
  • har kunnskap om entreprenørielle læreprosessar, kreativitet og innovasjon
  • har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid md relevans for lærarprofesjonane innafor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar i tråd med arbeidslivet sitt utviklings- og endringsbehov
  • kan vurdere og utnytte nye læringsformer som digitale verktøy gir høve for og kan stille seg kritisk til bruk av digitale verktøy i opplæringa
  • kan legge til rette for entreprenørielle læreprosessar og bruk av arbeids- og samfunnsliv i opplæringa
  • kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg utviklingsarbeid
Generell kompetanse

 Kandidaten:

  • kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sitt behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • har evne til å formidle sentralt fagstoff, og kan gjennom fagleg innsikt og engasjement motivere for læring og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert gjennom samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar og dialog, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium, der jamt arbeid gjennom heile året er tilrådd. Det er det viktig at studentane gjer seg kjend med aktuelt tema i forkant av kvar samling. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen er.

  • Plan for framdrift av individuell tverrfagleg utviklingsoppgåve
  • Samandrag frå arbeidet med utviklingsoppgåva og deltaking i minikonferanse
  • Ein fagtekst om yrkesfaget sin plass og verdi i lokalsamfunnet og opplæringssystemet på 2000 ord.

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ ikkje godkjent.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i undervising. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Marit Løvøy Gascogne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Oppgåva har eit omfang på 7000 ord
Munnleg eksamenIndividuell45minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: Oppgåva har eit omfang på 7000 ord
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:45
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust