PPY121 Yrkesdidaktikk 1

Emnekode: 
PPY121
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Praktisk-pedagogisk utdanning 8-13 for yrkesfag (PPUY) er samansett av 30 studiepoeng yrkesdidaktikk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis integrert i begge fagområda. Studiet skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med læringsutbytte formuleringar i Forskrift om rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 og Nasjonale retningsliner for PPUY. Studiet er delt i to emnegrupper:

  • Emnegruppe 1: Leiing av læringsprosessar – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
  • Emnegruppe 2: Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emnet yrkesdidaktikk 1 - Leiing av læringsprosessar, utgjer 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i emnegruppa. Dei andre 15 studiepoenga er knytt til emnet Pedagogikk (jf. eigen emneplan).

Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og skal gje kandidaten kompetanse i yrkesdidaktisk planlegging, undervisning, vurdering og kritisk analyse av undervising og læreprosessar. Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten ha dette læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons og yrkesutøvinga
  • har kunnskap om yrkesdidaktisk relasjonstenking og leiing av læreprosessar i klasserom og verkstad, og kan vidareutvikle sin kunnskap innanfor desse områda
  • har kunnskap om elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørielle læringsformer
  • kunnskap om yrkesfag og yrkesfaget sin plass og verdi i opplæringssystemet
  • kjenner til digitale og teknologirike læringsarenaer som er relevant for eige programområde
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke sin yrkeskompetanse, lovverk og styringsdokument i planlegging, grunngjeving, gjennomføring og kritisk vurdering av yrkesopplæring tilpassa eleven/lærlingens behov og yrkesinteresser
  • kan legge til rette for ei differensiert og inkluderande opplæring i teknologirike og fleirkulturelle læringsarenaer i samarbeid med elevar og aktuelle samarbeidspartar
  • kan vurdere og dokumentere eleven/lærlingen si læring og utvikling, sjølvstendig eller i samarbeid med andre, og gje læringsfokuserte tilbakemeldingar som kan medverke til at eleven/lærlingen kan reflektere over eiga læring
  • kan orientere seg i faglitteratur og eksisterande teoriar knytt til opplæring i yrkesfagleg utdanning
  • kan verke som rollemodell i skulen, og er seg bevisst sitt ansvar i å bygge yrkesrelevante relasjonar mellom aktørar i skulen og arbeidsliv
  • kan bruke relevante digitale læremidlar i opplæringa
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan byggje gode relasjonar til elevar/lærlingar og leggje til rette for konstruktive og inkluderande læringsmiljø.
  • har evne til å formidle sentralt fagstoff, og kan med grunnlag i fagleg innsikt og engasjement motivere for læring og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov, og reflektere over eigen endring og utvikling som følgje av rettleiing

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er samlingsbasert.  Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar og dialog, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium, der jamt arbeid gjennom heile året er tilrådd. Det er det viktig at studentane gjer seg kjend med aktuelt tema i forkant av kvar samling.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Oppgåve knytt til planlegging av undervisning på 2000 ord.
  • Praksisrapport på 2000 – 2500 ord.

Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ ikkje godkjent. 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i undervising. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. Obligatorisk frammøte og deltaking

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Marit Løvøy Gascogne
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årstrinn 8-13, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterIngen
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust