PPU-PRA2 Praksis 2

Emnekode: 
PPU-PRA2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPU-PRA1 Praksis 1
Om emnet

Praksisopplæringa skal gi studenten brei erfaring med ulike aktivitetar i lærarprofesjonen. Hovudtema for praksisopplæringa er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og lærarens tilrettelegging for læring. Gjennom deltaking, utforsking, observasjon og refleksjon skal studenten gradvis utvikle eigen læraridentitet og profesjonskompetanse. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Ei tett kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i praksis, pedagogikk og fagdidaktikk i studiet skal bidra til at studenten utviklar teoretisk refleksjon over eigen praksis og forskingsbasert grunngjeving for profesjonsutøving. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det andre emnet i praksis er, saman med dei andre emna i pedagogikk og didaktikk organisert rundt modulane 5, 6, 7 og 8. 

Praksisplanen byggjer på Rammeplanen for Praktisk-pedagogisk utdanning av 21. Desember 2015. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar. Praksis i vårsemesteret er 30 dagar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :  

Kunnskapar

Kandidaten:

har utvida kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa

har brei kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar, og om korleis kunnskapen kan brukast for å tilpasse opplæringa til elevar sine føresetnader og behov

har utvida kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid

har brei kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag

har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

Ferdigheiter

Kandidaten:

kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument

kan tilpasse opplæringa til elevens og elevgruppa sine føresetnader

kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer

kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar

kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø

Generell kompetanse

Kandidaten:

kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv

har utvikla eigen læraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som ivaretek profesjonsetiske verdiar i opplæringa

har utvikla profesjonsetisk digital kompetanse og kan bidra til utvikling av digital dømmekraft mellom barn og unge

kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Andre praksisperiode har eit omfang på 30 arbeidsdagar med rettleiia undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. I samsvar med ein lærar sin arbeidsplan utgjer dette om lag 250 arbeidstimar i praksisemne 2, og dette inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid, samt tid til fagleg utviklingsarbeid.

Studie- og praksisrute klargjer tidfesting av praksisperioden. Studenten skal gjennomføre praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Vanlegvis er praksisperioden i haustsemesteret i ungdomstrinnet og praksisperioden i vårsemesteret i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. Studentar med fagbakgrunn i utøvande og skapande kunstfag kan gjennomføre inntil 50 prosent av praksis i kulturskule eller liknande. I andre praksisperiode opnar vi for undervisningspraksis inntil 15 dagar i utlandet etter avtale. 

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å legge til rette for studentens praksis, lage plan for praksisperioden saman med studenten og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt omfattar tre delar: Før-rettleiing, observasjon av studenten sitt arbeid med elevgruppa og etter-rettleiing. Rettleiing har som føremål å medverke til at studenten utviklar eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning er med på å utvikle studenten sin profesjonskompetanse. Studenten har ansvar for å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og å ta ansvar i rettleiinga. Studenten skal levere skriftleg plan for undervisningsøkt til praksislærar, og eventuelt til faglærar og medstudent. Dette er utgangspunkt for rettleiing før og etter undervisning. Om lag halvvegs i praksisperioden gjennomfører praksisrettleiar og student ein midtvegsvurderingssamtale med utgangspunkt i læringsutbytte og vurderingskritere for praksis .  

I sluttfasen praksis skal praksislærar og student gjennomføre ein avsluttande utviklingssamtale med utgangspunkt i praksislærar si formulering av ei invividuell skriftleg vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterie for praksisperioden. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torstein Drabløs
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuellsemesterStått eller ikkje ståttViser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-8
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust