PPUD-DID1RL Didaktikk 1 Religion og livssyn

Emnekode: 
PPUD-DID1RL
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emna i fagdidaktikk, pedagogikk og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 5 og 6. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med undervisningskompetanse i fleire fag skal i så stor grad som mogleg utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
  • Kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i aktuelle fag,  
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Kunnskap om aktuelle undervisningsfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
  • Kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle fag sin plass i skulen 
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle fag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • Kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • Kan bruke digitale ressurser som er sentrale for aktuelle fag 
  • Kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. 
  • Kan planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til aktuelt fag 
Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar. Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.  

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste.  

Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Tilsvarande om lag 4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk.
Hjelpemidler:
Omfang: Tilsvarande om lag 4000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust