NYNMGOPPGD Masteroppgåve

Varighet: 
4 semester
Emnekode: 
NYNMGOPPGD
Studiepoeng: 
60
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
2020 Haust
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
NYN301 Skriftkultur. Ei innføring
NYN302 Vitskapsteori og metode
Om emnet

Masteroppgåva har eit omfang på 60 studiepoeng. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der kandidaten syner innsikt i relevante og aktuelle teoriar og metodar. Studenten står fritt til å velje emne, gjeve at det relaterer seg til læringsutbytteskildringar som ein finn i studieprogramplanen eller emneplanane for Mastergradstudiet i nynorsk skriftkultur. Masteroppgåva kan til dømes ta form av litterær tekstanalyse, kvantitative og/eller kvalitative studiar av ulike språklege fenomen, komparative, teoretiske og metodiske studiar av ulike typar tekstar eller didaktiske tilnærmingar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid 
  • relevant teori og sekundærlitteratur for oppgåva
Ferdigheiter

Studenten kan

  • nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur 
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte  
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent og tydeleg måte 
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Masteroppgåva går over to semester for heiltidsstudentar og fire semester for deltidsstudentar. Som ein del av eksamen på emnet NYN302 Vitskapsteori og metode må studenten levere ein prosjektplan. Etter at prosjektplanen er godkjent, vil programansvarleg tildele studenten ein rettleiar. Masteroppgåver vil normalt vere individuelle arbeid. I prosjekt med stor arbeidsmengde kan to studentar søkje programansvarleg om å få skrive oppgåve saman. Den enkelte sin arbeidsinnsats skal då svare til 60 studiepoeng. Arbeidsmåten vert avtalt mellom rettleiar og student, og studenten har rett til inntil 20 timars rettleiing i løpet av den tida han eller ho arbeider med oppgåva. Rettleiing av masteroppgåva vil i prinsippet bli gjeve innanfor normert studietid, dvs. 1 år for heiltidsstudentar og 2 år for deltidsstudentar. Det vert arrangert oppgåveseminar kvart semester der studentane kan presentere og drøfte prosjektet sitt, og elles få rettleiing i teori- og metodeproblem. Oppgåveseminara er ikkje obligatoriske, men vi rår til at studentane brukar dette tilbodet.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MasteroppgåveIndividuell 4SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterMasteroppgåva skal skrivast på nynorsk og leverast inn som ein monografi på om lag 40 000 ord (+/- 10 %), noko som svarar til om lag 100 sider med krava om 1,5 linjeavstand og 12 pkt. skriftstorleik. Fellesoppgåver skal ha eit omfang på om lag 50 000 ord (+/- 10 %). Tittelside, samandrag, forord, innhaldsliste, notar, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemer der minst ein av dei må vere ekstern og må forsvarast munnleg for den same kommisjonen. Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg.
Munnleg justerande eksamenIndividuell 60minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%Ved munnleg eksamen får kandidaten 10 minuttar på seg til legge fram oppgåva, før det blir munnleg høyring. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. Båe dei to eksamensdelane blir evaluerte av éin og same kommisjon.
Vurderinger:
Vurderingsform:Masteroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet: 4
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Masteroppgåva skal skrivast på nynorsk og leverast inn som ein monografi på om lag 40 000 ord (+/- 10 %), noko som svarar til om lag 100 sider med krava om 1,5 linjeavstand og 12 pkt. skriftstorleik. Fellesoppgåver skal ha eit omfang på om lag 50 000 ord (+/- 10 %). Tittelside, samandrag, forord, innhaldsliste, notar, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemer der minst ein av dei må vere ekstern og må forsvarast munnleg for den same kommisjonen. Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 60
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:Ved munnleg eksamen får kandidaten 10 minuttar på seg til legge fram oppgåva, før det blir munnleg høyring. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. Båe dei to eksamensdelane blir evaluerte av éin og same kommisjon.
Hjelpemidler:
Omfang: