NYN302 Vitskapsteori og metode

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NYN302
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Vitskapsteori er systematiske studiar av vitskapleg tenking, kunnskap og aktivitet. I dette emnet er merksemda især retta mot dei delane av vitskapsteorien som knyter seg til human- og samfunnsvitskapane. Sentralt står utfordringar, perspektiv og tradisjonar som gjeld tolkingar og/eller forklaringar av språklege, tekstlege, religiøse og historiske fenomen, men emnet vil også gje eit oversyn over nokre utvalde teoretiske inngangar så vel som innsikt i etablert metodisk arbeid med slike fenomen. Emnet skal vidare gje inngåande kunnskap om likskapar og ulikskapar mellom humaniora, samfunnsvitskap og naturvitskap, og ved det sikre deltakarane djupare innsikt i dei grunnlagsproblem som kjenneteiknar slik forsking. Samstundes skal emnet gjere dei i stand til å analysere vesentlege føresetnader både for eiga og andre si forsking. Saman med emnet Skriftkultur. Ei innføring (NYN301) gir dette emnet eit godt grunnlag til å ta valemna i mastergraden i nynorsk skriftkultur, og til å begynne på masteroppgåva.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • kva vitskapsbasert kunnskap kan vere, og kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, praksis og tradisjon
  • ulike vitskaplege perspektiv, omgrep, metodar og standardar, og ei utvida innsikt i grunnleggjande utfordringar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
  • breidde og oppdatering av tradisjonar og perspektiv, slik at kandidaten kan analysere vitskapsteoretiske problemstillingar både i eiga og andre si forsking
  • forskingsetiske problem og korleis slike utfordringar kan handterast
Ferdigheiter

Studenten kan

  • ta del i vitskapsteoretiske diskusjonar om grunnlaget både for eige forskingsemne og andre forskingsretningar
  • vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
  • analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – førelesing, seminar og individuell rettleiing. Det blir gjeve konsentrert undervisning basert på fellespensumet.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Innlevering av utkast til prosjektplan for masteroppgåva som må vere godkjent.

Prosjektplanen skal vere på om lag 4000 ord og skal innehalde:

  • Ei skildring av temaområdet og grunngjeving av val av området
  • Ei klar og tydeleg problemstilling og forskingsspørsmål
  • Eit førebels teorigrunnlag der det skal visast til relevant forsking knytt til tema
  • Ei førebels metodisk skisse, med særleg vekt på tilnærming til kjelder og datatilfang
  • Forskingsetiske vurderingar
  • Ein spesifisert framdriftsplan
  • Ei sjølvvald pensumliste på om lag 500 sider
  • Litteraturtilvisingar og andre relevante vedlegg og referansar
Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stig Jarle Helset
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Skal skrivast på nynorsk.Alle
OppgaveIndividuell eller gruppe (etter avtale)semesterStått eller ikkje ståttProsjektplan for masteroppgåva på 4000 ord (+/- 10%) som skal skrivast på nynorsk.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Skal skrivast på nynorsk.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Prosjektplan for masteroppgåva på 4000 ord (+/- 10%) som skal skrivast på nynorsk.