ULMA303 Problemløysing og modellering

Emnekode: 
ULMA303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium undervisning og læring
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. Problemløysing og modellering brukt for å fremje tilpassa opplæring vert grundig handsama i emnet. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruken av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Tenleg bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten skal ha inngåande

  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
  • kunnskap i bruk av digitale verktøy i samband med problemløysing og modellering
  • kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
  • konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering, og kunne vurdere slik bruk
  • analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
  • ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til  problemløysing og modellering

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen iVolda, §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.

Emnet har vidare to arbeidskrav:

1) Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.

2) Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 5000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.

Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Leif Bjørn Skorpen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
Mastergradsstudium undervisning og læring
Vidareutdanning i matematikk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 40minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Studenten sitt innleverte svar på arbeidskrav nr. 2 vil, i tillegg til resten av pensum, danne grunnlaget for eksaminasjonen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 40
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Studenten sitt innleverte svar på arbeidskrav nr. 2 vil, i tillegg til resten av pensum, danne grunnlaget for eksaminasjonen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Leif Bjørn Skorpen