UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode

Emnekode: 
UL305
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium undervisning og læring
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt. Jf.  studieplan for Master i undervisning og læring, opptakskrav pkt 8. I tillegg til dei obligatoriske emna UL301 og UL302 gjeld dette dei to studiespesialiserande emna i anten matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, ULMA/NO/SP303 og ULMA/NO/SP304.

Om emnet

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for spesialpedagogisk/pedagogisk verksemd. I fokus står kunnskapsutvikling og forskingsmetodiske tilnærmingar (inkludert statistikk) til feltet. 

Merknad til tal studentar på emnet : 18 plassar knytte til kvar av spesialiseringane i mastergraden (3x18).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne.

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskapar om

  • vitskapsteoriske perspektiv på kunnskapsutvikling
  • forskingsprosessen
  • forskingsmetodar og datagrunnlag
  • sentrale statistiske omgrep og metodar
  • reliabilitet og validitet
  • forskingsetiske spørsmål 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdere ulike tilnærmingar til forsking og forskingsmetodar
  • formulere seg om sentrale omgrep, element og samanhengen i ein forskingsprosess
  • vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data
  • vurdere sentrale etiske spørsmål i forsking
Generell kompetanse

Føremålet er å utvikle kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode. Denne kunnskapen skal vidare danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som fem konsentrerte samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing i statistikk. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Eit oppgåvesett i statistikk til nærmare oppgitt tidsfrist

Sensorordning
Maksimumstal: 
54
Emneansvarleg: 
Liv Ingrid A Håberg
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
Mastergradsstudium undervisning og læring
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterDigital eksamen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie