KUM309 Mikrohistorie

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KUM309
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet utforskar mulegheiter og avgrensingar som ligg i det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, med vekt på korleis det kan brukast i analysar av kulturmøte. Emnet er todelt, der ein pensumdel tek for seg metodar og teoriar innan feltet og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.

Pensumdelen av emnet er òg todelt, der den første delen er ein historiografisk, teoretisk og metodisk gjennomgang. Den andre delen inneheld ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar, som studentane skal drøfte opp mot varierande definisjonar av feltet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og skal kunne bruke kunnskapen på nye område innafor feltet
  • avansert kunnskap om korleis særskilte tema kan behandlast mikrohistorisk
  • spesialisert innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • vurdere kritisk eksisterande teoriar og mikrohistoriske framstillingar av empirisk karakter
  • analysere mikrohistoriske problemstillingar og nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til sjølvstendig fagleg arbeid innan feltet
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • analysere og ta konsekvensane av forskingsetiske problemstillingar knytt til mikrohistoriefeltet
  • utvikle eigne mikrohistoriske problemstillingar og vurdere andre sine på ein reflektert måte
  • kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen.

Arbeidskrav:

  • Skrive ei oppgåve med sjølvvald tema og problemstilling i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Oppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til sjølvalde oppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400–600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Evaluere eit utval tekster innan mikrohistoriefeltet og presentere desse i digital form.

Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte i eige skriv frå instituttet ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Den sjølvvalde oppgåva (sjå det første punktet over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under «Vurderingsform». Eksamensoppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
Mastergradsstudium i kulturmøte
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 60 Alle Ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
HeimeeksamenIndividuell10DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40 Alle
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 60
Kommentar:
Hjelpemidler: Alle
Omfang: Ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:10
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40
Kommentar:
Hjelpemidler: Alle
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem, 21.02.2020