TOD104 Forteljing og formidling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
TOD104
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Teater og drama (Bachelor)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i den handverksmessige og kunstnarlege sida av faget.

Studentane vil jobbe med:

  • Kommunikasjon, og stemmebruk. 
  • Retorikk, og fysisk formidling.
  • Forteljarkunst, og munnleg formidling.
  • Museumsformidling.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk, stemmebruk og retorikk
  • har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar og forteljartradisjonar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike framføringar
  • kan omarbeide ulike typar tekstar med tanke på munnleg formidling i ulike situasjonar
  • meistrar teknikkar for å lære seg ei forteljing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eigne munnlege framføringar
  • kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Utvikling og gjennomføring av eit formidlingsprosjekt, induviduelt eller i gruppe, med eit skriftleg refleksjonsnotat knytt til formidlingsprosjektet, på omlag 1500 ord.
  • Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Borghild Otelie Aasebøstøl
Emnet inngår i følgande studieprogram
Teater, opne emne
Teater og drama (Bachelor)
Teater og drama (Årsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale)2VekerA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Ei scenisk framsyning i forteljing med etterfølgjande samtale knytt til teori.Eigne notater under munnleg samtale.Omlag 10 minutter individuell forteljing, og ei gruppesamtale på omlag 30 minutter.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet:2
Varighetstype:Veker
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Ei scenisk framsyning i forteljing med etterfølgjande samtale knytt til teori.
Hjelpemidler:Eigne notater under munnleg samtale.
Omfang:Omlag 10 minutter individuell forteljing, og ei gruppesamtale på omlag 30 minutter.
Godkjent av: 
Aud Folkestad