IPA112 Forvaltningskunnskap

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
IPA112
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema:

  • politikk
  • makt og demokrati 
  • offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
  • kommunen som samfunn og organisasjon 
  • organisasjonsteori 
  • innføring i juridisk metode, offentleg rett og forvaltningsrett.
  • samfunnsplanlegging og regional utvikling 

Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som ein deleksamen i emnet IPA 111 samfunnskunnskap. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og kurs i samfunnsvitskapleg metode, vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av 

  • organisering av og funksjonar i sentrale politiske og administrative institusjonar
  • rettsreglane for offentleg forvaltning
  • viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
  • viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • gjere greie for sentrale element ved norsk politikk, offentleg rett og forvaltning 
  • nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep
  • bruke ferdigheitene på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
  • utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
  • vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle  ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 prosent frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte". 

2. Obligatorisk deltaking på Tverrfagleg veke i haustsemesteret. Gruppearbeid munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge deler må vere godkjende. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.

3.  Obligatorisk deltaking på Plan-i-praksis-dagen i haustsemesteret. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.

4. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
75
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Samfunnsvitskap (årsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter20Skriftleg eksamen i vårsemesteret innan juss Særtrykk av lovtekst. Det er lov med merka tekst, ikkje eigne notatar.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:20
Kommentar:Skriftleg eksamen i vårsemesteret innan juss
Hjelpemidler: Særtrykk av lovtekst. Det er lov med merka tekst, ikkje eigne notatar.
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 05.03.2021