IPA111 Samfunnskunnskap

Emnekode: 
IPA111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Eksamenssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema innanfor:

  • sosiologi
  • miljø og samfunn
  • samfunnsøkonomi
  • regionaløkonomi
  • næringsøkonomi 
  • globale utfordringar 
  • lokalsamfunn og nærmiljø
  • samfunnsvitskapleg metode

Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap (IPA112) gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er ein deleksamen i emnet. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid, som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar i fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • formidle og bruke samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle  ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.

Dersom det obligatoriske prosjektarbeidet Lokalsamfunnsanalyse vert gjennomført digitalt (t.d. via Zoom), vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under metodeundervisninga og i førebuingane til prosjektarbeidet. Dette for å sikre at studenten er orientert om fagleg og praktisk innhald i prosjektarbeidet. Like eins vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under gruppearbeid for å sikre at studenten bidreg aktivt i diskusjonar og framstilling av prosjektrapportar. Til sist vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på når prosjektrapporten skal leggast fram i plenum. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt. Behovet må grunngjevast.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 % frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte". 

2. Obligatorisk deltaking/frammøte i eit større tverrfagleg prosjektarbeid i form av ein lokalsamfunnsanalyse i vårsemesteret. Gruppearbeidet munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge delar må vere godkjende. Ved særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.

3. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
75
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Samfunnsvitskap (årsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret

Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre individuelle eksamenar. Dei to skriftelege eksamenane tel 40 prosent kvar, medan den munnlege eksamenen tel 20 prosent av samla karakter i emnet.
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter20Munnleg eksamen knytt til Lokalsamfunnsanalysen. Eksamen i vårsemesteret
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Tverrfagleg skriftleg eksamen i vårsemesteret

Hjelpemidler:
Omfang:Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre individuelle eksamenar. Dei to skriftelege eksamenane tel 40 prosent kvar, medan den munnlege eksamenen tel 20 prosent av samla karakter i emnet.
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:20
Kommentar:Munnleg eksamen knytt til Lokalsamfunnsanalysen. Eksamen i vårsemesteret
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 01.03.2021