POL302 Helsefremjande lokalsamfunn - Samhandling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
POL302
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Helsefremjande lokalsamfunn– Samhandling er eit tverrfagleg og tverresektorielt emne, som skal gi kompetanse om samhandling mellom fag, sektorar og nivå, og der forståing av politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp er viktige perspektiv. Studiet gir kunnskap om reformer og program i offentleg sektor, om samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande lokalsamfunn og helse- og velferdstenester.

Studentane som tek dette emnet skal få kompetanse i å planlegge, sette i verk, koordinere og vurdere helse- og velferdstenester, med særleg vekt på samhandling, livsløp, brukardeltaking og lokalsamfunnsperspektiv.

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Studiet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. 

POL302 er nært kopla til emnet POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv, og studentar som har tatt POL301, vil truleg ha ekstra godt læringsutbyte av POL302Men det er ikkje eit krav å ha POL301 for å kunne ta POL302. POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utvikllingsarbeid, samhandling, medverknad og nærmiljøarbeid kan arbeide for å skape helsefremjande og sjukdomførebyggande samfunn. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • forståing for politikk og planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremjing og sjukdomsførebygging
  • inngåande kunnskap om politikk og planlegging som reiskap for utvikling av  lokalsamfunn
  • inngåande kunnskap om samhandling og medverknad
  • kunnskap om tenesteutvikling på lokalt nivå
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar i eit langsiktig og breitt helse- og livsløpsperspektiv
  • analysere og utvikle helse- og velferdstenester i samarbeid med brukarar og på tvers av fag, forvaltningsnivå og sektorar
  • beskrive moglege konsekvensar av tiltak
  • medverke til langsiktig og heilskapleg planlegging, og legge til rette for utvikling av  lokalsamfunn
  • planlegge og gjennomføre medverknadsprosessarbruke relevant lov- og regelverk
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vurdere, og reflektere over, faglege problemstillingar og analysar
  • vurdere ulike data og metodar for planlegging, organisering, iverksetjing, evaluering og læring
  • reflektere over ulike tilnærmingar til helse-, omsorg- og velferdstenester
  • reflektere over eiga rolle som tilretteleggar for gode livsvilkår
  • bidra til nytenking og utvikling i planlegging og iverksetting av helse – og velferdstenester
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert med to samlingar, kombinert med sjølvstendig arbeid med oppgåver der studenten blir utfordra til å aktivisere sentrale delar av pensum.

  • Samling 1: Veke 4, 2021 (tirsdag, onsdag, torsdag)
  • Samling 2: Veke 15, 2021 (tirsdag, onsdag, torsdag)

Undervisninga er sett saman av førelesingar, arbeid med oppgåver, presentasjon og drøfting i plenum. I løpet av semesteret skal studentane skrive fire individuelle oppgåver (1200 ord per oppgåve  (+/- 10%)), som blir relaterte til ulike delar av pensum. Oppgåvene skal skrivast utifrå problemstillingar som blir gitt av faglærarar. Det vert gitt tilbakemelding på oppgåvene med høve til justering. I tillegg skal studentane skrive ei semesteroppgåve, basert på ei sjølvvald problemstilling. Denne oppgåva skal skrivast av to eller fleire studentar i lag. Her er det mogleg å velje problemstillingar knytte til utfordringar som studentane kjenner til frå eigne yrkeserfaringar e.l. Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva. Semesteroppgåva og ei tilfeldig valt individuell oppgåve utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Deltakarane får tilgang til læringsplattforma Canvas, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

I emnet POL302 er det lagt vekt på hovudtema Politikk for helsefremjande lokalsamfunn og tenesteutvikling, og Lokalsamfunn og frivillig sektor. Undertema som inngår i hovudtema er:

 Tema politikk for helsefremjande lokalsamfunn og tenesteutvikling:

  • Reformer, program og prosjekt med vekt på politiske og faglege perspektiv og gjennomføring og evalueringar
  • Korleis ulike perspektiv og erfaringar kjem til syne i lov, regelverk og nasjonal politikk
  • Samordning, samhandling og samskaping
  • Medverknad og brukardeltaking
  • Tenesteutvikling (og velferdsteknologi)

Tema lokalsamfunn og frivillig sektor:

  • Korleis nærmiljø og lokalsamfunn dannar vilkår for samfunnsdeltaking og livsmeistring
  • Folkehelsearbeid og sosial berekraft
  • Inkludering
  • Frivillig og privat sektor si rolle i samfunnsutviklinga
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Skrive og få godkjent fire individuelle oppgåver (1200 ord +/- 10 %, per oppgåve), som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gitt av faglærarar.

Frammøtekrav: Deltaking på seminar med presentasjon av semesteroppgåva på samling 2 (onsdag)

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Gro Anita Bårdseth
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveGruppe1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 51Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva. 7 000 ord (+/- 10 %)
MappeeksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter49Alle fire arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.1200 ord (+/- 10 %) per oppgåve.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Gruppe
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 51
Kommentar:Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang: 7 000 ord (+/- 10 %)
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:49
Kommentar:Alle fire arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
Hjelpemidler:
Omfang:1200 ord (+/- 10 %) per oppgåve.
Godkjent av: 
Randi Bergem 21.02.2020