POL302 Politikk, folkehelse og livsløp - Samhandling

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
POL302
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Politikk, folkehelse og livsløp – Samhandling er eit tverrfagleg og tverresektorielt emne, som skal gi kompetanse om samhandling mellom fag, sektorar og nivå, og der forståing av politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp er viktige perspektiv Studiet gir kunnskap om reformer og program i offentleg sektor, om samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande nærmiljø og helse- og velferdstenester.

Studentane som tek dette emnet skal få kompetanse i å planlegge, sette i verk, koordinere og vurdere helse- og velferdstenester, med særleg vekt på samhandling, livsløp, brukardeltaking og nærmiljøperspektiv.

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Studiet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt. 

POL302 er nært kopla til emnet POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv, og studentar som har tatt POL301, vil truleg ha ekstra godt læringsutbyte av POL302. Men det er ikkje eit krav å ha POL301 for å kunne ta POL302. POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utvikllingsarbeid, samhandling, medverknad og nærmiljøarbeid kan arbeide for å skape helsefremmande og sjukdomførebyggande samfunn. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om politikk og planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremming og sjukdomsførebygging
  • inngåande kunnskap om politikk og planlegging som reiskap for utvikling av gode nærmiljø
  • inngåande kunnskap om samhandling og medverknad
  • inngåande kunnskap om betydninga av tverrfagleg og tverrsektoriell kompetanse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar i eit langsiktig og breitt helse- og livsløpsperspektiv
  • analysere og utvikle helse- og velferdstenester i samarbeid med brukarar og på tvers av fag, forvaltningsnivå og sektorar
  • beskrive moglege konsekvensar av tiltak
  • medverke til langsiktig og heilskapleg planlegging, og legge til rette for utvikling av gode nærmiljø
  • medverke til nytenking og utviklingsprosessar
  • bruke relevant lov- og regelverk
  • analysere korleis samspelet mellom politikk, helse og livsløp påverkar enkeltindivid og samfunn
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vurdere, og reflektere over, faglege problemstillingar og analysar
  • vurdere ulike data og metodar for planlegging, organisering, iverksetjing, evaluering og læring
  • reflektere over ulike tilnærmingar til helse-, omsorg- og velferdstenester
  • reflektere over eiga rolle som tilretteleggar for gode livsvilkår
  • bidra til nytenking og utvikling i planlegging og iverksetting av helse – og velferdstenester
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert med to samlingar over to dagar, kombinert med sjølvstendig arbeid med oppgåver, der studenten blir utfordra til å aktivisere sentrale delar av pensum.

Samling 1: Veke 5, 2020 (tysdag og onsdag)

Samling 2: Veke 16, 2020 (tysdag og onsdag)

Undervisninga er sett saman av førelesingar, arbeid med oppgåver, presentasjon og drøfting i plenum. I løpet av semesteret skal studentane skrive fire individuelle oppgåver (1200 ord per oppgåve), som blir relaterte til ulike delar av pensum. Oppgåvene skal skrivast utifrå problemstillingar som blir gitt av faglærarar. I tillegg skal studentane skrive ei semesteroppgåve, basert på ei sjølvvald problemstilling. Denne oppgåva skal skrivast av to eller fleire studentar i lag. Her er det mogleg å velje problemstillingar knytte til utfordringar som studentane kjenner til frå eigne yrkeserfaringar e.l. Det blir gitt rettleiing på semesteroppgåva, som utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Deltakarane får tilgang til læringsplattforma Canvas, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

I emnet POL302 er det lagt vekt på tre tema, som vil vere integrerte i alle samlingane, og hovudtema er:

Tema nasjonal politikk og reformer:

  • Reformer, program og prosjekt med vekt på politiske og faglege perspektiv og gjennomføring og evalueringar
  • Korleis ulike perspektiv og erfaringar kjem til syne i lov, regelverk og nasjonal politikk

Tema tenester:  

  • Samordning, samhandling og samskaping
  • Medverknad og brukardeltaking
  • Tenesteutvikling (og velferdsteknologi)
  • Aktuelle lover og regelverk

Tema livsløp og nærmiljø:

  • Korleis nærmiljø og lokalsamfunn dannar vilkår for samfunnsdeltaking og livsutfalding
  • Oppvekst og alderdom
  • Folkehelsearbeid
  • Integrering
  • Bustadsosialt arbeid
  • Universell utforming
  • Frivillig og privat sektor si rolle i samfunnsutviklinga
  • Om depriverte nærmiljø og parallellsamfunn
  • Aktuelle lover og regelverk
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Skrive og få godkjent fire individuelle oppgåver (1200 ord +/- 10 %, per oppgåve), som skal ta utgangspunkt i problemstillingar som er gitt av faglærarar.

Frammøtekrav: Deltaking på seminar med presentasjon av semesteroppgåva på samling 2 (onsdag)

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Randi Bergem
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse
Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og ledelse - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveGruppe1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter7 000 ord (+/- 10 %)
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Gruppe
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:7 000 ord (+/- 10 %)
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19