MEV221 Medievitskap 3 – Frå fag til forsking: Korleis analysere medium

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MEV221
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MEV121 og MEV122 eller INF121, MOK101 og MEV122 eller INF131, MOK101 og MEV122

 

Om emnet

I MEV221 går vi breiare inn i medie- og kommunikasjonsteorien og set den i eit humanistisk og samfunnsvitskapleg perspektiv. Studentane blir introduserte for dei mest vanlege verktøy som forskarar brukar i arbeidet med å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet. MEV221 er delt i to: Eit kjernepensum som det blir førelese over og ei fordjupingsoppgåve. Arbeidet blir konsentrert rundt studentane sitt sjølvstendige arbeid med denne oppgåva. Temaa kan vere sjølvvalde eller knytte til pågåande forskingsprosjekt ved AMF.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap om dei teoriar, omgrep og metodar som vi nyttar innanfor medievitskapen for å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten skal  

  • ha utvikla ferdigheiter innanfor akademisk oppgåveskriving og vere i stand til å bruke ulike teoretiske verktøy for å analysere medium
  • kunne skrive tekstar av eit visst omfang basert på eiga forsking innanfor gitte tidsrammer, samt ha lært å reflektere kritisk over eige arbeid og kunne justere dette under fagleg rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha grunnleggande forståing av medie- og kommunikasjonsteori
  • kunne reflektere kritisk over eige arbeid

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på forelesingar og sjølvstudium. Det blir avslutta med ei fordjupingsoppgåve der det er venta at kandidaten kan demonstrere god oversikt over pensum gjennom eit sjølvstendig arbeid basert på akademisk teori og metode.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er to arbeidskrav i emnet:

1. Studentane skal levere prosjektskisse med arbeidstittel/problemstilling for semesteroppgåve i emnet. Skissa skal vere på ca. 500 ord og skal forklare temaval, mogleg teori, og kva ein treng av materiale, metode (korleis oppgåva skal gjennomførast praktisk) og kva studenten ønskjer å belyse med dette arbeidet. Eit endeleg forslag til fordjupingsoppgåve for MEV221 skal også leverast i Canvas innan ein gitt frist. Dei som ikkje leverer innan fristen, kan miste retten til rettleiing.

2. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret - innlevert i Canvas.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Rolf Werenskjold
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter0Det blir gitt ein førebels karakter på semesteroppgaven. Lengden på oppgaven skal utgjøre omlag 5 000 ord + littereratur og evt. vedlegg.
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Muntlig justerende eksamen om oppgaven og høring i pensum for MEV221.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:0
Kommentar:Det blir gitt ein førebels karakter på semesteroppgaven.
Hjelpemidler:
Omfang: Lengden på oppgaven skal utgjøre omlag 5 000 ord + littereratur og evt. vedlegg.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Muntlig justerende eksamen om oppgaven og høring i pensum for MEV221.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20