MEV122 Medievitskap 2 - Kva medieutviklinga betyr

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MEV122
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Journalistikk, spesialisering tv/radio
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gjev ulike perspektiv på mediene og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar. Kurset diskuterer makt og medier, samt profesjonalisering i journalistikk, informasjon, film og animasjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskap om sentrale teoriar som er formulerte om mediene si utvikling og rolle samfunnet
  • ha kunnskap om ulike perspektiv på mediene og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar
  • ha kunnskap om makt og medier når det gjeld profesjonaliseringa av journalistikk, informasjon, film og animasjon
Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha utvikla ferdigheiter knytte til akademisk oppgåveskriving
  • ha utvikla forståing av mediene si rolle i samfunnet, og refleksjon kring dette knytta til eige profesjonsstudium
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha grunnleggande forståing av mediene si rolle i samfunnet og kan reflektere rundt samfunnsansvaret i eigen profesjon og arbeidsmåtar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving, samt kollokviearbeid. Arbeid i kollokviegrupper er ei studentaktiv læringsform.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er to arbeidskrav:

1. Ei skriftleg oppgåve på 1500 - 2000 ord som fyller formkrava til ei akademisk oppgåve, samt deltaking på oppgåveseminar. Det blir gjeve ei skriftlig tilbakemelding på oppgåva.

2. Studentane skal levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Idar Flo
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i mediedesign
Bachelor i medieproduksjon
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Journalistikk, spesialisering avis/nett
Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20