SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
SAJ101
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Rapporteringsprogram: 
Journalistikk, spesialisering avis/nett
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Sentrale tema i emnet er viktige institusjonar i det norske samfunnet med vekt på offentleg forvalting, politiet og domstolane si rolle, organisasjonsliv og økonomi.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå
  • ha grunnleggjande oversikt over norsk historie sidan 1945
  • ha kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
  • ha kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne skrive tekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kunne reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kunne handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vert undervist ved førelesingar i kombinasjon med gruppe- og temaseminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

1. Kvar student skal skrive tre (3) artiklar i løpet av emnet. Artiklane skal vere forma som kronikkar/essay eller ein annan journalistisk sjanger etter avtale med emneansvarleg. Artiklane skal vere knytt til tidsaktuelle eller tidlause politiske problemstillingar i det norske samfunnet som blir delt ut ved i fyrste halvdel av semesteret. Artiklane skal leverast til bestemte fristar.

2. Utvalde artiklar skal leggast fram på to seminar der medstudentar og lærarar skal kommentere oppgåvene. Det er obligatorisk å delta på begge seminara.

3. Kvar student skal levere eit anonymt evalueringsskjema om emnet. 

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
130
Emneansvarleg: 
Idar Flo
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorstudium i PR, kommunikasjon og media
Journalistikk, spesialisering avis/nett
Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20