REL151 Religion og livssyn I

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
REL151
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Religion, kultur og samfunn, årsstudium
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med like overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Dette emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag. 

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152 Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn 

  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 

  • om heilage skrifter i religionane 

  • om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn 

  • om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn 

Ferdigheiter
  • kunne analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn  

  • kunne formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg 

  • kunne finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 

  • kunne skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk  

Generell kompetanse
  • ha evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk 

  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 

  • ha grunnleggande digital kompetanse i faget 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 

Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent følgjande arbeidskrav innan fastsette frister: 

(1) utkast til ei akademisk oppgåve på 1000 ord

(2) eit lesarinnlegg  

(3) utkast til semesteroppgåva. 

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
Religion, kultur og samfunn, årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%Alle2500 ord (+/- 10%)
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter50%
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle
Omfang:2500 ord (+/- 10%)
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust