HI100 Historisk innføringsemne

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HI100
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i historie
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
HI111 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
HI112 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Om emnet

Emnet skal gje studentane ei innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom historiefaget og samfunnet.

Emnet er delt i to delar, ein teoridel (tilsvarar om lag 5 studiepoeng) og ein oppgåvedel (tilsvarar om lag 10 stp). Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studenten høve til å fordjupe seg i eitt (område) tema i norsk og / eller internasjonal historie ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla temaoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for temaoppgåva og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til det.

Instituttet gjev kvart år rettleiing knytt til minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I tillegg til ca. 200 sider pensum som er felles for alle studentane som skriv oppgåve innanfor same temaområde, skal studenten i samråd med rettleiar finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for temaoppgåva.

Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i historiefaget si utvikling som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det vert også gjeve innføring i nokre kulturhistoriske tema i tilknyting til antikken. Teoridelen skal kombinerast med ein studietur til Roma, under føresetnad av tilstrekkeleg studentpåmelding. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste. Det blir gjeve førelesingar i emnet, nokre i Volda, nokre eventuelt i Roma. På studieturen til Roma blir det i tillegg arrangert ekskursjonar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
  • kunnskapar om historisk metode og teori
  • kunnskap om hovudtrekk i historiefaget si utvikling sidan antikken
  • grunnleggjande kunnskap om nokre kulturhistoriske tema i antikken
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
  • analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
  • plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar 
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f. eks. gjennom digitale medium
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei historisk utvikling
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert slik at studentane både får undervisning i dei aktuelle temaområda knytta til oppgåvedelen, og undervisning i teoridelen av emnet. Undervisninga i teoridelen vert følg opp med ein studietur til Roma, med forelesningar og ekskursjoner. Det kan bli krevd at studentene i Roma presenterer et nærmere bestemt fagstoff. Studietur til Roma føresett at det melder seg nok studentar.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet om desse teknikkane ved semesterstart.

Dersom ein student, anten etter søknad får innvilga dispensasjon til å delta på emnet heilt eller delvis via strøyming, eller heile eller delar av emnet blir strøyma til heile studentgruppa, skal slik deltaking skje med fullt namn og kamera og lyd slått på. Dette blir gjort for at studentane skal få tilstrekkeleg utbyte av dialogbasert undervisning og studentaktive læringsformer, og for å bidra til å oppnå ferdigheitsmåla om å kunne:

  1. formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
  2. reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal gjennomføre følgjende arbeidskrav:

Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp.)

  • Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon. 
  • Levere eit utkast til temaoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal minst ha eit omfang på omlag 2500-3000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på omlag 3000-5000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.

Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)

  • Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks frå instituttet.

Både i oppgåve- og teoridelen er det obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under punkta ovanfor skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Åsmund Svendsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i historie
Historie årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterMappa skal innehalde den ferdige temaoppgåva og presentasjonen av tema fra teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.AlleTemaoppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.Alle
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Mappa skal innehalde den ferdige temaoppgåva og presentasjonen av tema fra teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:Temaoppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 26.02.2021