ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Engelsk årsstudium
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske kjelder og litterære tekstar, og gjer studenten ferdigheitene dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap og forståing om:​

  • grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
  • eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
  • samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
  • grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
  • korleis ein skriv gode akademiske tekstar på engelsk

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
  • analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse
  • analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk
  • nytte digitale ressursar for å auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
  • skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere, vurdere og framstille informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
  • skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
  • snakke om engelsk litteratur, kultur og samfunn på ein måte som syner kunnskap og formuleringsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Den eine oppgåva er eit semesteressay på om lag 2000 ord i eit litterært emne. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Det andre arbeidskravet er anten eit kortare samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord eller eit munnleg innlegg.

Studenten har høve til å levere ny versjon av arbeidskrav som ikkje vert godkjende.

Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, Storbritannia, er ein obligatorisk del av studiet. Studentar som ikkje kan ta del, kan bli pålagt eit alternativt arbeid.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Siri Vevle
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Engelsk årsstudium
Engelsk årsstudium, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust