ENG141 Grammatikk og leksikologi

Emnekode: 
ENG141
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

- engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem

- engelsk syntaks

- tilhøve mellom form og meining i engelsk grammatikk

- sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

- identifisere og analysere element på ulike nivå i engelsk

- reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar

- vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk

- analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå

Generell kompetanse

Å  kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. bestemme

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:
Kvar student må levere inn to mindre skriftlege øvingar i grammatikk/leksikologi, som begge må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av faglærar. Faglærar bestemmer om øvingane skal gjerast individuelt eller i grupper. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gloria Otchere
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i språk og litteratur
Engelsk årsstudium
Engelsk årsstudium, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Gjennomførast som heimeeksamen
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Gjennomførast som heimeeksamen
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust