SOS151 Introduksjon til sosialt arbeid - sosionom

Emnekode: 
SOS151
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i ulike fagemne som inngår i sosialt arbeid. Ein stor del av dette er å få ei oversikt over rammene som sosionomar, og brukarane dei har med å gjere, må orientere seg i. Studentane skal møte sosionomar frå yrkesfeltet for å få eit perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet for sosionomar. Gjennom emnet skal studentane arbeide med problemstillingar som aukar deira forståing av korleis sosiale problem oppstår, og å analysere desse på individnivå og samfunnsnivå.  

Det vert lagt vekt på at studentane utviklar ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar, og utviklar evne til etisk refleksjon. Sist, men ikkje minst skal emnet bidra til at studentane får eit godt grunnlag for utvikling av kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som vert nytta i studiet. 

Innhald: 

  • sosialt arbeids faghistorie, teori, samfunnsmandat, kunnskaps- og verdigrunnlag 

  • psykologi og gruppedynamikk 

  • rettssystem, stats- og kommunalrett 

  • sosialantropologi 

  • sosiologi 

  • pedagogikk 

  • stats- og kommunalkunnskap 

  • velferds- og sosialpolitikk 

  • organisasjonskunnskap

  • vitskapsteori og etikk 

Arbeids- og læringsformer: 

  • sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking på seminar      

  • ekskursjonar i yrkesfeltet 

  • kurs i drama og gruppedynamikk 

  • rettleiing og vurdering i individuelt arbeid og grupperaktivitetar 

  • øvingar i refleksjon og sjølvrefleksjon  

  • kurs i studieteknikk, fagskriving og kjeldebruk

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i sosialt arbeid 

  • sosialt arbeid som fagområde, sosialt arbeids historie, samfunnsansvar og plass i samfunnet 

  • vitskapsteori, korleis kunnskap vert utvikla og forstått, og moglegheiter og grenser for samfunnsvitskapleg metode 

  • grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar 

  • sosionomen sin eigenart, rolle og plass i organisasjonen 

  • sjølvrefleksive prosessar om korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skapar og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid 

  • kommunikasjon, relasjon, samhandling og gruppedynamikk i utøving av sosialt arbeid 

  • sentrale teoriar, erfarings- og brukarkunnskap, og korleis dei bidreg som ulike perspektiv til kunnskapsgrunnlaget i sosialt arbeid 

  • velferdsstatleg oppgåvefordeling, korleis statlege og kommunale myndigheiter vert organisert og regulert, og betydninga dette har for yrkesutøvinga 

  • velferdspolitikk, velferdsmodellar og ulike velferdspolitiske mål og verkemiddel 

  • korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar kan skape og halde ved like sosiale problem, med særleg forståing for menneske i utsette situasjonar 

  • profesjonsetikk og etiske utfordringar i utøving av sosialt arbeid 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar 

  • reflektere over og ta omsyn til dynamikken i ei gruppe, eigen plass i gruppa og påverknaden ein har på andre gruppemedlemmer og dynamikken i gruppa 

  • tileigne seg ny kunnskap, gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid 

  • bruke relevant lovverk og regelverk til å reflektere over faglege problemstillingar 

  • bruke ny fagleg kunnskap på ein metodisk og vitskapeleg måte 

  • bruke grunnleggande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar for å tileigne seg, dokumentere og formidle fagleg kunnskap både munnleg og skriftleg 

Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i sosialt arbeid 

  • kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga 

  • kan reflektere over eiga rolle i gruppearbeid og dynamikken i gruppeprosessar 

  • kan setje kunnskap om sosiale problem og sosialt arbeid inn i kontekst, og gjere vurderingar av korleis strukturelle forhold verkar inn på sosiale problem, sosial rettferd og yrkesutøving 

  • har innsikt i maktstrukturar i administrative samarbeids- og beslutningsprosessar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisinga vil bli organisert i modular med ulik fagleg fordjuping: 

  • Modul 1 – Sosialfagleg arbeid  

  • Modul 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid (felles med BVP151)  

  • Modul 3 - Strukturelle perspektiv og rammer for sosialfagleg arbeid (felles med BVP151)  

  • Modul 4 - Fagleg fordjuping i sosialfagleg arbeid 

Gruppe- eller teamarbeid er ein sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innanfor enkeltprofesjonar, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert sosionomstudentane difor delte inn i læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring og meiningsutveksling om faglege spørsmål. Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: 

Arbeidskrav 1a: Credo. 1b: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Arbeidskrav 2: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Arbeidskrav 3: Skriftleg gruppeinnlevering som kan trekkast til mappeeksamen.

Enten arbeidskrav 1b, arbeidskrav 2 eller arbeidskrav 3 vert trekt ut til mappeeksamen.

Nærare om innhald, gjennomføring og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid. 

 

Obligatorisk deltaking:  

For undervisingsaktivitetar i ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % samla frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitetar: 

  1. Kurs i gruppedynamikk og refleksjon over gruppeprosessar 

  2. Workshop om yrkesfeltet for sosionomar

  3. Ekskursjonar til yrkesfeltet og tilhøyrande seminar 

  4. Seminar om heimkommunar 

  5. Kasus- og artikkelanalyse med avsluttande seminar 

Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.  

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Betina Haug Olson
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 60 %Digital eksamen.
MappeeksamenIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40 % Alle3000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 60 %
Kommentar:Digital eksamen.
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40 %
Kommentar:
Hjelpemidler: Alle
Omfang:3000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 25.02.2021