SASOS235 Klientretta tema, integreringsemne og bacheloroppgåve

Emnekode: 
SASOS235
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SASOS125 og godkjende arbeidskrav i SASOS131

Om emnet

I det avsluttande emnet i bachelorutdanning i sosialt arbeid - sosionom er det eit mål at tilført ny kunnskap skal medverke til integrasjon av tidlegare kunnskap. Det er eit mål å sjå profesjonsrolle i lys av faglege utfordringar som menneske med særskilte hjelpebehov har, og dei bidrag sosionomen kan gi i tverrprofesjonell samhandling. Studenten skal gjennom kunnskap i dette emnet vere i stand til å løfte fram, begrepsfeste og setje yrkesrelevante problemstillingar inn i teoretiske og praktiske perspektiv, og gjennom dette utvikle og vise analytisk kompetanse, kritisk og etisk refleksjon.

Innhald:

  • Administrasjon og leiing
  • Sosionomfaglege perspektiv
  • Juridiske emne: rettar og tvang i velferdsretten, arbeidsrett
  • Kommunikasjon, samhandling og konflikthandtering
  • Planlegging
  • Psykisk helsearbeid
  • Re-/habilitering
  • Rusrelatert arbeid
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • nyare forsking om menneske i sårbare livssituasjonar som er relevant for yrkesutøvinga
  • re-/habilitering, rusbehandling og psykisk helsearbeid, og verdien av tverrfagleg samarbeid
  • rettsreglar knytt til behandling og tvang
  • planleggingsteori, med særleg vekt på kommunane sine utfordringar
  • administrasjon og leiing med særleg vekt på tenester for barn, unge og menneske med samansette behov
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • å avdekkje særskilte behov i møte med menneske og bruke relevante perspektiv for å hjelpe og fremje meistring hos brukar
  • å reflektere etisk og fagleg over aktuelle problemstillingar, og også gjere juridiske vurderingar
  • å utøve fagleg skjøn i yrkessituasjonar
  • samarbeid, konflikthandtering og å arbeide prosessorientert
  • å planleggje og gjennomføre eit prosjekt med bacheloroppgåve
  • å presentere eige prosjekt med bacheloroppgåva skriftleg og munnleg
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • vise toleranse og ikkje-dømande haldning i møte med menneske i sårbare situasjonar
  • ha god forståing for sosionomens rolle i hjelpeapparatet og dei rettsreglane som regulerer yrkesutøvinga
  • bruke teoretiske og praktiske perspektiv til å forstå og handtere yrkesrelevante problemstillingar og utfordringar
  • reflektere kritisk med sikte på å få fram alternative perspektiv og handlingsstrategiar
  • syne god fagleg formidlingsevne

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppeaktivitet, seminar, rettleiing og sjølvstudium.

Eit sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåve inngår i emnet.

Deler av pensum er sjølvvalt litteratur. Informasjon om omfang, kriterier og pensum vil bli gitt.

Det vert stilt særskilde frammøtekrav til obligatoriske seminaraktivitetar der deltaking vert rekna for seg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav som må vere gjennomførte og godkjente:

  1. Gruppebaserte arbeidskrav
  2. Individuelle skriftlege oppgåver
  3. Sjølvvalt pensum

 

Obligatorisk frammøte:

  1. deltaking på seminar
Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Jarle Pedersen
Gerd Skjong
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter om lag 9000 ord
Munnleg justerande eksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Munnleg justerande eksamen. Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen. Til munnleg skal det inngå spørsmål knytt til pensum (inkludert sjøvvald pensum) frå 3. studieåret, og elles prøving av bacheloroppgåva. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: om lag 9000 ord
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Munnleg justerande eksamen. Bacheloroppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten kan framstille seg til munnleg eksamen. Til munnleg skal det inngå spørsmål knytt til pensum (inkludert sjøvvald pensum) frå 3. studieåret, og elles prøving av bacheloroppgåva. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19