SASOS112 Individ og velferdssamfunn

Emnekode: 
SASOS112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Godkjende arbeidskrav 1 - 3 i SASOS111

Om emnet

Menneske blir påverka av og tilpassar seg samfunnet vi høyrer til. Kunnskap om korleis dette skjer, er viktig i sosialt arbeid. Det er heller ikkje berre samfunnet som påverkar oss - vi påverkar også samfunnet. Kunnskap om korleis desse tilpassingane skjer gjennom heile livsløpet er viktig i sosialt arbeid. I dette emnet skal studentane lære meir om samspelet mellom individ og samfunn, og mellom menneske i samfunnet. For å kunne hjelpe menneske i ulike livssituasjonar er det også grunnleggande å kjenne oppgåvene til velferdsstaten og vekselverknaden mellom systemet og den einskilde brukaren. Studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar relatert til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet, og om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem. Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid, og dei skal få grunnleggande innføring i etikk, vitskapsteori, menneskeverd og menneskerettar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis velferdsstaten vaks fram og korleis synet på barn og familie har endra seg historisk
  • barn si livsverd og sentrale utfordingar knytt til oppvekst og familie i nyare tid
  • migrasjon og fleirkulturelle samfunn, og risikoen for marginalisering og diskriminering av innvandra minoritetar
  • førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • empowerment i endringsarbeid
  • sentrale sosialpsykologiske teoriar knytt til myndiggjering og brukarmedverknad
  • rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettar, og straffe- og prosessrett
  • etiske og vitskapsteoretiske spørsmål i sosialt arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • reflektere over og presentere eigne erfaringar med deltakande observasjon
  • gjennomgang av faglitteratur og skriving av fagtekst innanfor ei sjølvvald problemstilling
  • analysere fagartiklar og praksisnære kasus
  • samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
  • gje og ta imot tilbakemeldingar på fagleg arbeid i gruppe og medstudentrelasjonar
  • bruke fagomgrep og teoriar til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid
  • å analysere samhandling mellom profesjonsutøvarar og brukarar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for menneske, utan omsyn til alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
  • samhandle på likeverdig grunnlag med medstudentar om kollektive arbeidsoppgåver
  • skrive fagtekst i samsvar med krav til fagskriving
  • reflektere kritisk over korleis profesjonsutøvarar påverkar dei ein samarbeider med
  • reflektere kritisk over etiske utfordringar i profesjonsutøving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet. 

I fleire av dei ulike bolkane er det skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Vi bruker varierte arbeidsformer som problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SASOS112.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  1. Arbeidskrav i juridiske emne
  2. Skisse og førstetkast til individuell skriftleg oppgåve, og studentrespons til begge.
  3. Kasus- og artikkelanalyse med presentasjon på seminar
  4. Munnleg presentasjon i seminar og skriftleg gruppebasert refleksjonsnotat knytt til tverrprofesjonelt samarbeid
  5. Credo-prosjektet: gjennomføre og skriftleggjere intervju av medstudent og  fagleg refleksjonssamtale med rettleiar
  6. Refleksjon over gruppeprosessar
  7. Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70% frammøte til undervisingsaktivitetar.

Nærare om innhald, innlevering/gjennomføring og godkjenning vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte/gjennomførte og godkjende til fastsett tid for å få høve til å ta eksamen.

Arbeidskrav 1 - 7 og arbeidskrav 4 i SASOS111 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Margrete Homlong Øyehaug
Roar Stokken
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i sosialt arbeid - sosionom
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 49 Noregs lover eller særtrykk av lovverket
OppgaveIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 51
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 49
Kommentar:
Hjelpemidler: Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Omfang:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 51
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 10.10.2019