SABVP125 Utfordringar i yrkesfeltet - barnevernspedagog

Emnekode: 
SABVP125
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

SABVP111, SABVP112, godkjende arbeidskrav i SABVP122

 

 

Om emnet

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap og elles skape ei nærare forståing av kompleksiteten i barnevernsfeltet og ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet. Det er eit mål å gi studentane innsikt i korleis organisatoriske, rettslege og barnevernsfaglege faktorar kan påverke barn og unge sin oppvekst og foreldre sin omsorgskapasitet. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.

Innhald:

  • Barnevernsfaglege emne: Barnevernsarbeid, miljøarbeid i og utanfor institusjon, aktivitetsfag
  • Juridiske emne: Barne- og familierett, sosial- og velferdsrett, barnevernsrett, samtykke og tvang m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige
  • Sosialt arbeid med familiar
  • Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser
  • Rusbehandling, re-/habilitering og psykisk helsevern
  • Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar
  • Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
  • Organisasjon og yrkeskunnskap
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha tileigna seg kunnskap om:

  • familierett, barnevernsrett, generell sosial- og velferdsrett, samtykke og tvang
  • saksgang og sakshandsaming i barnevernet
  • kommunikasjon med familiar i vanskelege livssituasjonar, med særleg vekt på samtalar med barn
  • årsaker til og konsekvensar av omsorgssvikt og hjelpeapparatet sine tiltak
  • miljøarbeid i og utanfor institusjon
  • kva fritidsaktivitetar har å seie for barn og unge
  • re-/habilitering av menneske med fysiske og psykiske vanskar og rusproblem
  • tverrprofesjonelt samarbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • føre gode samtalar med brukarar og reflektere over eigen framgangsmåte
  • fremje barn sine rettar og sørge for utviklingsfremjande tiltak for barn/unge med særskilde behov, både i og utanfor institusjon
  • planleggje, gjennomføre og evaluere fritidsaktivitetar med barn og unge
  • samarbeide med ulike aktørar, klient/pårørande og fagpersonar på tvers av ansvarsområde og etatar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • møte brukarar av hjelpeapparatet med respekt og empati
  • utøve profesjonelt skjønn gjennom å nytte fagleg kompetanse i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar
  • bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak til dei som treng hjelp frå barneverns-, helse- og sosialsektoren
  • analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til arbeid som barnevernspedagog
  • nytte forskingsmetodisk tilnærming i profesjonsutøving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  1. Gruppearbeid og individuelt skriftleg arbeid knytt til SOM–seminaret (saman om omsorg for barn)
  2. Individuelle skriftlege arbeid knytt til fagtema
  3. Individuelt skriftleg arbeid og gjennomføring av rollespel knytt til samtaleøvingane 
  4. Deltaking og munnleg presentasjon på seminar frå feltstudie
  5. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70% frammøte til undervisningsaktivtetar.

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjon på Canvas.

Obligatorisk deltaking:

  1. Undervisning og gruppearbeid på SOM-seminaret
  2. Aktivitetsfag
  3. Samtaleøvingar
  4. Familiearbeid
  5. Kommunikasjonsverkstad

Nærare informasjon i Canvas.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking, dvs. krav om 80% deltaking.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ellen Synnøve Aarseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell5DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterNoregs lover eller særtrykk av lovverket
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19