SABVP111 Introduksjon til sosialt arbeid

Emnekode: 
SABVP111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen 

Om emnet

Studentane skal i dette emnet utvikle kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i fagemna, samt møte yrkesfeltet for å få perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet i sosialt arbeid. Det vert lagt vekt på at studentane skal starte utvikling av ferdigheiter innan kommunikasjon og samhandling, gruppeprosessar, gruppedynamikk og haldningar knytt til etisk forståing. Studentane skal også få lagt grunnlag i å utvikle kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som er viktige for studenten gjennom heile studiet.

Innhald:

  • psykologi og gruppedynamikk
  • rettssystem, stats- og kommunalrett
  • sosialantropologi
  • sosiologi
  • sosialt arbeid og sosialpedagogikk
  • pedagogikk
  • stats- og kommunalkunnskap
  • velferdsteori og sosialpolitikk
  • vitskapsteori

 

Arbeids- og læringsformer:

  • sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking på seminar     
  • møte med og ekskursjonar i yrkesfeltet
  • observasjonspraksis                                
  • kurs i drama og gruppedynamikk
  • rettleiing og vurdering knytt til individuelt arbeid og grupperaktivitetar
  • øvingar knytt til refleksjon og sjølvrefleksjon 
  • kurs i fagskriving og kjeldebruk                        
  • kurs i studieteknikk og læringsmåtar
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fulført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i sosialt arbeid  
  • gruppedynamikk og forståing for relevansen av gruppeprosessar i utøving av sosialt arbeid
  • korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skaper og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid
  • strukturelle rammer for sosialt arbeid, som stats- og kommuneorganisering, rettssystem, stats- og kommunalrett, velferdsteori og sosialpolitikk
  • sentrale fagdisiplinar som pedagogikk, psykologi, sosiologi, sosialantropologi og vitskapsteori, og korleis dei som ulike fagperspektiv bidreg til kunnskapsgrunnlaget i sosialt arbeid
  • samanhengar mellom faga, studium og yrkesfelt
  • grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar
  • kjeldekritikk
  • skilnaden på kvantitativ og kvalitativ forskingsmetode
  • observasjon som metode

 

 

Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • gjere greie for fagomgrep og teoriar og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid
  • reflektere over og ta omsyn til dynamikken i ei gruppe, eigen plass i gruppa og påverknaden ein har på andre gruppemedlemmer og dynamikken i gruppa
  • bruke grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar i skrivearbeidet sitt
  • planleggje og gjennomføre munnleg presentasjon og førebu til diskusjon av fagleg arbeid 
  • planleggje og gjennomføre deltakande observasjon
  • presentere funn og tolking av data frå deltakande observasjon

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • reflektere over eiga rolle i gruppe/teamarbeid og dynamikken i gruppeprosessar som studenten tek del i
  • setje sosiale problem, sosialt arbeid og sosialpedagogikk inn i kontekst, og gjere vurderingar av korleis strukturelle forhold verkar inn på sosiale problem og på korleis sosialarbeidaren gjer arbeidet sitt.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid.

Undervisinga vil bli organisert i fem temabolkar:

  • Bolk 1 - Sosialt arbeid og sosialpedagogikk
  • Bolk 2 - Strukturelle rammer for sosialfagleg arbeid
  • Bolk 3 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid
  • Bolk 4 - Fagleg fordjuping og eksamensførebuing
  • Bolk 5 - Observasjonspraksis

Gruppe- eller teamarbeid er ein svært vanleg og sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innan profesjonen, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert studentane difor delte inn i mindre læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring, for meiningsutveksling om faglege spørsmål og for trening i å samarbeide i gruppe.

Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer, som møte med yrkesfeltet, ekskursjonar, kurs i studieteknikk og fagskriving. Seminargruppene vert også nytta i dramaundervisninga.

 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Gjennomføring og/eller godkjenning av arbeidskrav:

  1. Arbeidskrav knytt til sosialt arbeid og sosialpedagogikk
  2. Arbeidskrav knytt til strukturelle rammer for sosialfagleg arbeid
  3. Individuell skriftleg oppgåve knytt til samfunnsvitenskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid
  4. Arbeidskrav knytt til observasjonspraksis

 

Nærare om innhald, innlevering og godkjenning vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid

Arbeidskrav 1 - 3 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen i SABVP111.

Arbeidskrav 4 i SABVP111 er eitt av krava som må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen i SABVP112.

 

Obligatorisk deltakingsplikt:

Det er krav om obligatorisk frammøte i følgjande undervisningsaktivitetar:

  1. Kurs i gruppedynamikk og refleksjon over gruppeprosessar
  2. Kurs i drama
  3. Møte med yrkesfeltet og tilhøyrande seminar
  4. Seminar om heimkommunar
  5. Kasus- og artikkelanalyse med avsluttande seminar
  6. Seminar knytt til observasjonspraksis

Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ane Bergset Mandal
Betina Haug Olson
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i sosialt arbeid - barnevernspedagog
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterNoregs lover eller særtrykk av lovverket
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19