MUS208 Ensembleleiing

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS208
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MUS101 Inn i musikken 1
MUS102 Musikk for barn og unge 1
MUS103 Inn i musikken 2
MUS104 Musikk for barn og unge 2
Om emnet

Emnet gjev ei praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble. Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil studenten få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium.

Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble
  • tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble
  • innstuderingsmetodikk
  • takteringsmønster og direksjonsteknikk
  • fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å:

  • lese og tolke ulike typar partitur for vokale og instrumentale ensemble
  • planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over og justere eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid, observasjon av ensembleleiing i ulike samanhengar, og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing, mellom anna på grunnlag av videoopptak frå arbeid med praksisensemble.

Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7 - 3).

Arbeidskrav:

  • Studenten skal føre ein refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå minst 3 ulike økter som dirigent med variert repertoar. Gjennom desse øktene skal studenten fokusere på følgjande faglege perspektiv:
    • grunnleggande tekniske ferdigheiter
    • interpretasjon
    • innstuderingsmetodikk
  • Studenten skal levere ein rapport med refleksjonsnotat om gjennomført observasjon i eit ensemble (ca.1500 ord).
  • Studenten skal førebu og gjennomføre eit sjølvvalt repertoar med vokal- og/eller instrumentalensemble. Ensemble og repertoar skal godkjennast av faglærar.
  • Det er obligatorisk deltaking for studentar på MUS208 på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som er aktive medlemmar i kor eller instrumentalensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Elizabeth Anne Oltedal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Praktisk-munnleg eksamen med vokal- eller instrumentalensemble med utgangspunkt i eit førebudd repertoar.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Praktisk-munnleg eksamen med vokal- eller instrumentalensemble med utgangspunkt i eit førebudd repertoar.
Godkjent av: 
Unni Hagen