MUS213 Musikkteknologi 2

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS213
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium og MUS105

Om emnet

Emnet Musikkteknologi 2 byggjer på Musikkteknologi 1 (MUS105) og gir kompetanse i å nytte studiorelatert musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar, kulturliv og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering - frå ei tilretteleggjingsfase med komponering / arrangering, via innstudering og framføring, opptak og nedmiks til ferdig produkt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • sentrale teknikkar innan sekvensering.
  • opptak, redigering og nedmiks av musikk, tospors- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
  • bruk av musikkteknologi i utøvande musikk
  • internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • lage arrangement med enkelt-stemmer for ensemble med minst åtte spor
  • spele inn / produsere lydfiler til øvingsbruk (play-/singalong, music minus one)
  • gjere digitale to- og fleirspors lydopptak
  • mikse ned eit fleirspors opptak til eitt stereospor
  • beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
  • konvertere lydfiler (wav) til ulike mp3-format
  • overføre lydfiler til ulike medium
Generell kompetanse

Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vil veksle mellom større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil vere førelesingar/studentføredrag, verkstadarbeid, presentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Digital undervisning er mulig undervisningsform. Emnet set store krav til sjølvstendig arbeid. Ein stor del av litteratur og terminologi er på engelsk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

Arbeidsmappe:

Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar til ei arbeidsmappe. 

  • Ein individuel produksjon av øvings-filer (musikk minus 1) / playback til ein gitt melodi.
  • Eitt HVO-relatert opptak og nedmiks. Nedmiks skal vere individuell.
  • Ein individuell studioproduksjon som bygger på eit eit eige arrangement. Sluttproduktet skal vere på minst 8 spor og ha ei spelelengd på 3 til 5 minutt. Arbeidet skal vise bruk av ulike plug-ins. Produksjonen skal dokumenterast med ein logg der framgangsmåte blir skildra.

Alle arbeid skal produserast på, og blir vurdert i forhold til, musikkseksjonen sin utstyrspark.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Leif Magne Barmen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1semesterStått eller ikkje stått
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen