MUS201 Utøving og formidling 1

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS201
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium eller tilsvarande

Om emnet

Emnet "Utøving og formidling 1" er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordupingsemne.

Emnet rettar seg inn mot å leie musikkaktivitet og musikalske prosessar i samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.

Emnet omfattar hovudinstrument og deltaking i kor og/eller orkester.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

- Utvikle seg som utøvar på hovudinstrumentet

- Innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalenseble

- Lære å være leiar for musikkaktivitet

- Om musikk og identitet, musikk og samfunn og musikken sin innverknad på helse

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

- eige instrument og prosessar om innøving, utøving og leiing av musikalske prosessar

- repertoar

- musikkterapi, musikk og helse og musikk og identitet

- musikk og samfunn

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • framføre eit variert repertoar åleine og i samspel med andre på hovudinstrumentet
  • spele og synge i ensemble
  • leie musikkaktivitetar
  • grunngi og reflektere over musikkfaglege utfordringar ut frå eigen praksis og musikkfagleg teori
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i utøvande verksemd med utgangspunkt i sitt hovudinstrument, og kan bruke denne kompetansen i samfunnsinstitusjonar,det frie kulturlivet og privat næring. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vil variere mellom plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument. 

Deltaking i høgskulens kor og/eller orkester. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskav:

  • Spele eit repertoar på 10- 15 minutt på hovudinstrumentet
  • Planlegge, organisere og leie ein musikkaktivitet på 10- 15 minutt
  • To mindre skriftlege oppgåver på 500- 700 ord
  • Skrive eit refleksjonsnotat med grunngjeving i ein aktivitet frå praktisk arbeid, og med bruk av teori frå pensum, ca 1500 ord
  • Eitt individuelt skriftleg arbeid med med bruk av teori frå pensum på 3500 ord som går til eksamensmappe. 

Det er obligatorisk deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stein Helge Solstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen