MUS104 Musikk for barn og unge 2

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MUS104
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i musikk
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Det er tilrådd at studenten har notekunnskapar og noko instrumental/vokalpraksis.

Om emnet

MUS104 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som en del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir kompetanse for arbeid med musikalsk læring med barn og ungdom i alder 12 - 16 år. Dette medfører utvikling av handlingskompetanse, kunnskapar og haldningar som grunnlag for arbeidet. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og refleksjon. Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • den estetiske dimensjonen ved musikkfaget
  • musikk som skapande og utøvande verksemd
  • musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
  • digitale media og verkty for musikkundervisning
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte ulike metodar og verkty som har relevans for musikkfagleg arbeid med ungdom, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til ungdomane sine føresetnader og interesser
  • nytte og legge til rette for arbeid med digitale verkty i arbeidet
  • nytte musikk i tverrfagleg arbeid
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet med bandinstrument
  • reflektere over eigen dugleik innan utøving og praksis
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd. Ein nyttar både klasserom og nettundervising.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og forventar aktiv deltaking frå studentane - dette inneber også obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar i samspelgrupper.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Studenten må ha godkjendt 5 arbeidskrav for å kunne kvalifisere til eksamen i emnet;

Ei gruppeoppgåve i instruksjon og leiing

Tre ulike komponeringsarbeid

Eit skriftleg arbeid i didaktisk refleksjon

Sensorordning

Mappe-eksamen; 4 arbeidskrav skal leverast i eksamensmappe. Eitt av desse arbeidskrava vert trekt ut og vurdert. Karakterskala A - F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i musikk
Musikk årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen