MUS142 Musikk og samspel 1

Emnekode: 
MUS142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Music and Musicmaking 1
Emnenavn på bokmål: 
Musikk og samspill 1
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Det er tilrådd at studenten har noko erfaring i instrumental/vokal praksis. 

Om emnet

Emnet gir kompetanse innan praktisk og skapande musisering og tilrettelgging for, leiing og evaluering av ulike musikkaktiviteter. Studenten får undervisning mellom anna i eit valt fordjupingsinstrument og ulike bandinstrument (tangentar, trommer, gitar, el-bass), samspel i ulike typar ensemble, og ei innføring i bruk av lydanlegg med PA i samband med musikkutøving. Eit samspelprosjekt i grunnskulen inngår i emnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskapar om musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • har kunnskapar om sentrale musikkpedagogiske metodar, verktøy og prosessar på ulike nivå
  • har kunnskapar om musikkutøving og framføringspraksis gjennom ulike former for samspel
  • har kunnskapar om PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk
  • kjenner til relevante fag- og læreplanar for musikkfaget i grunnskulen
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan planlegge, leie og evaluere musikkfagleg aktivitet åleine og i smarbeid med andre
  • kan arrangere og legge til rette musikalsk materiale for song, dans og samspel i ulike ensemble og for ulike aldersgrupper
  • kan orientere seg i eit notebilde
  • kan nytte ulike bandinstrument på eit grunnleggande nivå i samspelaktivitetar
  • kan vise personleg utvikling på valt fordjupingsinstrument
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • kan vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
  • kan nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta både klasserom- og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisinng, samspel og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevant arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og ekstene forelesningar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgksulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  1. Ei praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving som gjeld tilrettelegging, instruksjon og leiing
  2. Videologg i samband med valt fordjupingsinstrument
  3. Ei praktisk prøve i rigging og bruk av PA-anlegg for utøvingssituasjonar
  4. Eit individuelt skriftleg arbeid (2000 ord+/- 20%)) om musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  5. Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - årsstudium
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
3 Dagar
Stått eller ikkje stått
Ein praktisk/munnleg gruppeeksamen i planlegging, leiing og evaluering av praktiske musikkaktivitetar.
Individuell vurdering.
Godkjent av: 
Unni Hagen