KOH117 Tekstil - design og redesign

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH117
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Tekstil - design og redesign er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er i tillegg ope for vidareutdanningsstudentar. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike tekstile materiale og teknikkar som filting, trykking, saumteknikkar, mønstertilpassing, omsaum og modellering, tilbehør og utvikling av tekstilar for interiør.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om fagområdet tekstil som materiale, i designprosess og som skulefag
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
  • har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til kles- og interiørkulturen
  • har kunnskap om ideutvikling og skisseprosess som del av ein kreativ prosess
  • kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå idè til ferdig produkt
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader
  • har kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan sjølvstendig vurdere og velje ut tenleg materiale, teknikk og verkty
  • kan bruke og vedlikehalde reiskapar og tekstilar, samt organisere funksjonelle verkstader  
  • kan utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form
  • kan dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess, samt vise praktisk handlag
  • kan gjere greie for produktet sine kulturelle referansar og nytte dette i eige arbeid
  • kan meistre form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale når det gjeld gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, material og verkstad
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.      

Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: To praktiske arbeidskrav med prosessdokumentasjon må vere lagt fram til fastsett frist.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Sissel Midtlid
Materialavgift

Studenten betaler ei materialavgift på kr 900,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Praktisk oppgåve med prosessrapport og arbeidsbok
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Praktisk oppgåve med prosessrapport og arbeidsbok
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Unni Hagen