KOH115 Tre, tradisjon og fornying

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH115
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Tre, tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. Emnet har ein fagdidaktisk overbygnad.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om kunst- og formkultur knytt til gjenstandskulturen
  • har kunnskap om ulike trematerialar, teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
  • har kunnskap om stell og vedlikehald av trebearbeidingsverkty og maskiner
  • har kunnskap om form- og  funksjonsanalyse
  • har kunnskap om emnet sin plass i ein fagdidaktisk og tverrfagleg samanheng.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig produkt
  • har ferdigheiter i å arbeide med ulike trematerialar i ulike teknikkar, og med høvlege verkty
  • kan vedlikehalde utstyr, verkty og maskiner
  • kan bruke form- og funksjonsanalyse i vurderinga av eigne arbeid
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde ein treverkstad.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk skapande arbeid med ulike bruksformer i tre. Handverk og design vil vere sentrale studie- og referanseområde. Fyrste halvdel av studiet er lagt opp med innføringsblokker i ulike teknikkar og tema, med ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium og individuell oppgåveløysing. Andre del av emnet er prosjektbasert, der studenten arbeider med ei større fagleg problemstilling gitt av faglærar. Denne skal framstillast til eksamen. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.      

Arbeidskrav: To praktiske arbeid, leverte til fastsett frist, der det eine skal ha med ein prosessrapport.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
18
Emneansvarleg: 
Knut Einar Lillebø-Voll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuellSemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande skisser
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande skisser
Godkjent av: 
Unni Hagen