KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH138
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Fagdidaktikk, kunst- og formkultur er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Emnet kan delast i to faglege kategoriar, (I) fagdidaktikk og (II) kunst- og formkultur. Fagdidaktikken her fokuserer Kunst- og handverksfaget sitt teoretiske grunnlag. Dette rører ved teori om kreative- og estetiske læringsprosessar, men også om faghistorie og fagterminologi. Delen som har namnet Kunst- og formkultur har ein historisk overbygnad, og er meint å skape eit breitt referansegrunnlag til bruk for studentane i eigne utøvande arbeidsprosessar. Eldre kunsthistorie, men mest samtidskunst og nyare formkultur, er innhald i emnet. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:​

  • har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling
  • har kunnskap om aktuelt innhald og arbeidsmåtar i faget kunst- og handverk 
  • har kunnskap om sentrale trekk ved kunst- og formkulturen 
  • har kunnskap om visuell analyse
  • har kunnskap om kreativitet og estetiske læringsprosessar
  • har kunnskap om kunstformidlingsprosessar knytt til eige og andre sitt arbeid
  • har kunnskap om den akademiske skriveforma.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan reflektere kring kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og formidle verdien av faget i eit framtidsperspektiv
  • kan presentere sentrale trekk ved kunst- og formkultur, nasjonalt og internasjonalt, på ein overtydande måte
  • har grunnleggande ferdigheiter i fortolking av to- og tredimensjonale formuttrykk ved bruk av ulike analysemetodar, og kunne sjå samanhengar mellom ulike stilperiodar og uttrykksformer
  • kan bruke teori om estetiske læringsprosessar og kreativitet i drøfting av eige og andre sitt skapande arbeid
  • kan uttrykke og drøfte faglege problemstillingar gjennom ei akademisk skriveform.
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å vere aktiv aktør og kritisk deltakar i skule og samfunn
  • har evne til å grunngje eige og andre sitt praktiske arbeid ut frå ein fagleg ståstad
  • har innsikt i og forståing for kunst- og formkultur
  • har innsikt i faget sin tverrfaglege relevans.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar, framleggingssituasjonar og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga er organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene (arbeidskrav) og i framleggingssituasjonar. Studentar gjer også undervegsvurdering av kvarandre sitt arbeid. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Arbeidskrav: Individuell skriftleg oppgåve på omlag 1800 ord.

Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
32
Emneansvarleg: 
Janne Heggvoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Design, kunst og handverk vidareutdanning
Design, kunst og handverk årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterSkriftleg oppgåve på omlag 2000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Skriftleg oppgåve på omlag 2000 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen